Hopp til innhold

Skal starte hjarter i heile fylket

I helga sette Sogn og Fjordane Røde Kors i gang med opplæring av hjartestartarinstruktørar med mål om å dekkje heile fylket.

Created by InfoDispatcher

EI LIVSVIKTIG OPPLÆRING: i helga var mange av hjelpekorpsarane i fylket samla til hjartestartarinstruktørkurs.

«Støyt avlevert, start HLR!»

Den vesle bråkete boksen som ligg på golvet framfor Unni Kiviranta gjev ifrå seg klare instruksar og Unni set i gang med hjartekompresjon med eit vand handlag. Boksen er utruleg nok ein livreddar.

For rett og tidleg bruk av hjartestartar kan faktisk vere skilnaden mellom liv og død.

– Det er 5000 menneske som døyr av plutseleg hjartestans årleg i Norge. Med tidleg bruk av hjartestartar kan me redde rundt halvparten av desse, fortel Arnt Richard Alvestad som var hovudinstruktør i helga.

Ynskjer å spreide kunnskapen om bruk av hjartestartar

Hjelpekorpsarar frå heile fylket var i helga samla for å friske opp gamal kunnskap om hjarte/lungeredning, og for å lære å bli instruktørar i bruk av hjartestartar.

Hjartestartar

EIN LIVREDDANDE BOKS: Tidleg og rett bruk av hjartestartaren kan bety skilnaden mellom liv og død.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Kurset var finansiert av Sparebanken Vest og denne gongen var det banken som ringde til Røde Kors og ikkje omvendt, fortel Birger O.Nedberge som med glede kunne overrekkje sjekken til Margrethe Skåden i Sogn og Fjordane Røde Kors.

– Me kikka litt på ulike organisasjonar i fylket og fant ut at me hadde lyst til å støtte dette prosjektet, og me er veldig glad for å kunne vere med, fortel Birger O. Nedberge.

Med kunnskap kjem ansvar

– For å bli hjartestartarinstruktør må ein vera utøvar på bruk av hjartestartar, og så får ein moglegheit til å vere med på kurset som går over fire og ein halv time, og såleis kan ein vidare lære opp andre i bruk av hjartestartar, fortel Arnt Richard Alvestad.

– Ein må kunne ta ansvar i ein stressande situasjon, seier Alvestad om instruktørrolla.

Tryggare lokalsamfunn

At opplæringa er viktig for både korpsa og lokalsamfunnet er Margrethe Skåden, operativleiar i distriksrådet for hjelpekorps i Sogn og Fjordane, heilt overtydd om.

– Opplæringa er viktig i samband med utdanninga av nye korpsmedlem og viktig i samband med at flest mogleg skal få lære å bruke hjartestartar, fortel Skåden.

– Så det me ser her i dag det lovar godt for Sogn og Fjordane Røde Kors?

– Så absolutt! For kvar enkelt som deltek på dette kurset blir instruktør som kan utdanne nye grupper, og slik blir det eit fossefall av nye brukarar på hjartestartar, fortel Skåden smilande.

Dette er Sven Erik Lillehaugen frå Vadheim Røde Kors samd i.

– Me har jo no fleire som kan læra andre å bruka hjartestartar, og på den måten så får me fleire i korpset og i fylket som kan dette, og det er viktig, seier Lillehaug.

Margrethe Skåden

OPPLÆRINGA VIL SKAPE EIT TRYGGARE LOKALSAMFUNN: Det er Margrethe Skåden i Sogn og Fjordane Røde Kors overtydd om.

Foto: Guro Kvalnes / NRK