Hopp til innhold

Skal byggje verdas største linebåt

Ervik Havfiske i Selje har signert kontrakt med det tyrkiske verftet Tersan Shipyard om bygging av verdas største autolinebåt.

Frøyanes

Her ser du den nye superbåten til Ervik Havfiske. «Frøyanes» blir verdas største autolinefartøy, og kostar 175 millionar kroner.

Foto: Gunnar Flusund/3D-illustratør

Nye «Frøyanes» blir det mest moderne og miljøvenlege linefartøyet i verda, skriv Fjordenes Tidende.

Vil koste 175 millioner

Det blir satsa på full produksjon om bord, utnytting av råstoffet, og komfort og gode arbeidsforhold for mannskapet.

Reiar Stig Ervik seier til avisa at dei har arbeidd med prosjektet i lengre tid, men at tida no var inne for å satse på ein stor båt med mange moglegheiter. Båten vil koste 175 millioner kroner.

60 meter lang

På motoren blir det montert reinseanlegg for å redusere utslepp av NOx. Planen er å stase på full produksjon om bord.

– Vi har som mål å utnytte så mykje som mogleg av fisken, seier Ervik.

Båten blir heile 60 meter lang og 14 meter brei. Den har lastekapasitet på 600 tonn.