Regjeringa vil gjere det mykje lettare å felle jerv, gaupe og bjørn i åra som kjem. Innsatsen mot rovviltskader skal aukast med 40 millionar kroner og fellingslag skal få lønn for å felle rovdyr. Dette fortel landbruksminister Terje Riis Johansen.
Høyrer ikkje heime
Han meiner bjørn ikkje høyrer heile i Sogn og Fjordane og vil felle streifdyra som kjem til fylket.
Bjarte Nordanger, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, er svært glad regjeringa si ny line i rovdyrpolitikken. Det er akkurat dette vi har bede om, seier Nordanger.