Hopp til innhold

Skaffar gatelys på dugnad

Bygdelaget i Kjølsdalen vil arrangere lysfest for å få pengar til lyktestolpar.

Mørklagte veier
Foto: Geir Åge Jensen / NRK

For å spare pengar har Eid kommune slått av gatelysa i Kjølsdalen krins.

I tillegg er det svært få lyktestolpar i bygdene, og det vil Kjølsdalen Krins Utviklingslag få en slutt på.

Lysfest i februar

28. februar blir det lysfest i bygda, og inntektene skal gå til å skaffe gatelys.

- Viss vi får fullt hus, reknar vi med å få inn billettinntekter på 15 000 kroner. Men vi har fått skjenkeløyve og skal ha ein del program, så vi må prøve å skumme litt pengar av ungdomen. Det er framtida deira dette gjeld, seier leiar i bygdelaget Jan Eide.

I tillegg har bygdelaget fått 200 000 kroner av Gjensidigefondet til å bruke på lys.

Treng 50 lyktestolpar

Det trengst 50 lyktestolpar for å lyse opp bygdene i Kjølsdalen. Kvart gatelys kostar om lag 8 000 kroner.

Utviklingslaget treng løyve frå kommunen til å setje opp lys gatelysa. Eide meiner Eid kommune må betale for drifta dersom kommunen betaler for dei andre gatelysa i Eid.

- Det er stor vilje for å få opp lys. Det er mange som er ute og trenar på kveldane. Dei har refleksvest, men det hadde vore kjekkare viss ein kan sjå vegen ein går på, seier Jan Eide.