Hopp til innhold

Skadd i kollisjon med kyrkjemur

To menn er frakta til Førde sentralsjukehus etter ein kollisjon i Innvik.

Kollisjon i Innvik

TRAFF MUREN: Dei to mennene som sat i bilen blei skadde og er no frakta til sjukehus.

Foto: Geir Ståle Vatnamo

Laurdag kveld fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrt i muren ved kyrkja i Innvik. Det var to menn i 20-åra i bilen.

Politi, brannvesen, ambulanse og luftambulanse blei sende til staden. Begge mennene blei skadde i samanstøyten. Den eine blei frakta med helikopter og den andre med ambulansebil. Det er førebels uvisst kor hardt skadde dei to mennene er.

Kollisjonen har vore så kraftig at fleire steinar har flytta på seg. Politibetjent Jan Tore Sunde seier til avisa Fjordingen at årsaka til ulukka kan vere at farten har vore for høg etter forholda.

Kollisjon i Innvik
Foto: Geir Ståle Vatnamo)