Hopp til innhold

Til sjukehus etter dumparvelt i Loen

Ein mann vart skadd då dumparen han køyrde velta under anleggsarbeid i Loen tysdag ettermiddag.

Dumper velta i Loen

VELTA I GRØFTA: Hengaren vart liggande opp ned.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.43. Det er førebels uvisst kor alvorleg skadd mannen i 40-åra er, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen er send med ambulansebil til Førde Sentralsjukehus.

Rasførebygging

Ulukka skjedde på ein anleggsveg over Hotel Alexandra. Det føregår eit arbeid med rasførebygging på staden.

Etter det NRK.no får opplyst på staden var dumparen på veg nedover den nokså bratte anleggsvegen mot riksvegen då den velta i veggrøfta. Tilhengaren vart liggande opp ned, medan trekkvogna vart ståande på hjula etter rundvelten.

Stryn og Hornindal lensmannskontor etterforskar ulukka. Arbeidstilsynet er og kopla inn.

Dumper velta i Loen

POLITIET PÅ PLASS: Politifolk undersøker dumparen.

Foto: Jogeir M. Agjeld