Ulykka skjedde då 38-åringen skulle landa på eit jorde ved Smalahovetunet.
Politiet fekk melding om ulykka 19.51. Personen landa hardt og var medvitslaus etter fallet. Han vart fort medviten igjen og køyrt til Voss sjukehus med skrubbsår.
Fallet skjedde i samband med ei oppvisning til eit privat arrangement ved Smalahovetunet.
Har over 7000 hopp
Mannen skal vere svært erfaren fallskjermhoppar, og etter det NRK kjenner til ha over 7000 hopp.
Ulykka skal ha skjedd då mannen gjekk lågt og fort inn for landing.