Sjukehuset påstår at skoa er årsaka til at eit apparat kortslutta, fordi skoa skapar statisk elektrisistet ved berøring med golvbelegget.
- Sjukepleiaren kom bort i utstyret og då oppstod det ein elektrisk utlading med ein gnist. Det gjorde til at apparatet havarerte, fortel avdelingssjef Rolf Horne.
Kostbar gnist
Og med maskina forsvann og dei 35.000 kronene maskina kosta og sjukepleiarane sin valfridom i skovegen. For det er dei populære Crocs-skoa som førebels har fått skulda for kortsluttinga. Skoa er vidgjetne for sine sterke fargar og holete design, og kom først til Norge i 2006.
Men etter kortsluttinga bestemte avdelingssjefen seg for å forby skotyet.
- Truleg er det så god isolasjonsevne i skoa at elektronane ikkje vert utlada gjennom golvet, men i staden gjennom fingertuppane, meiner Horne.
Behandla born
Dette var ei maskin som gav lysbehandling til eit born med gulsott, men hendinga fekk ingen konsekvensar for bornet. Avdelingssjefen trur heller ikkje at slike kortslutningar kan få alvorlege følgjer for pasientane.
- Det har eg ikkje noko tru på. No har vi sett ein slik situasjon, og vi prøver no å finne ut av årsaka.
Betre med vanlege sandalar
Førebels er det berre barneavdelinga som har forbode skotyet, men Horne fortel at rundt ein femtedel av sjukepleiarane på avdelinga hans har merka skilnad.
- Mange seier dei har problem med statisk elektrisitet når dei brukar skoa. Problemet er større enn når dei brukar vanlege sandalar.
Maskin-teknisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er no igang med å undersøkje samanhengen mellom skoa og kortsluttinga. Men inntil det er klart, må sjukepleiarane altså setje Crocs-skoa sine på hylla for å unngå at dei skal slå fleire gnistar.
Nytt for importøren
Dagleg leiar i Crocs Norge, Rikka Schuett, stiller seg derimot tvilande til at Crocs-skoa kan vere årsaka til kortsluttinga.
Schuett fortel at skoa ikkje er anti-statiske, og at dei på den måten kan leie straum. Men ho skjønar ikkje at det kan resultere i kortsluttingar av ei slik styrke.
- Vil tilrår ingen å bruke skoa i nærleiken av sensitive maskiner. Men at dei skal kunne gjere slik skade som her, har eg aldri høyrt om før. Eg reknar med at det kan vere snakk om kombinasjonar av fleire ting som har skapt situasjonen, seier ho.