– Det handlar vel mest om at vi greidde noko som mange trudde vi ikkje kom til å greia.
Rasmus Mo, marknadssjef og mentor i Sogndal Fotball, fortel at den gode kjensla frå søndag framleis sitt godt i.
Med 2–0 siger over Brann, sikra Sogndal vidare spel i Tippeligaen neste sesong.
– Det å klara å halde seg i Tippeligaen med dei føresetnadene som vi har. Det er vi svært stolte over.
- LES OGSÅ:
Som videoen syner var stemninga elektrisk i Sogndal-garderoben, og høge jubelrop ljoma i gangane på Fosshaugane Campus.
– Det er vanskeleg å samanlikne med andre suksessopplevingar, men det er klart; denne kampen var den viktigaste i sesongen og det var ekstremt kjekt å lykkast, fortel ein engasjert Mo.
(Artikkelen held fram etter biletet)
Har byrja å sige inn
I dagane etter sigeren har det sakte men sikkert sige inn for Mo kor viktig det var at Sogndal heldt seg på det øvste nivået i norsk klubbfotball.
For ny tippeligakontrakt betyr ikkje berre suksess for fotballklubben, men også for næringslivet i regionen.
- LES OGSÅ:
Mo seier han er svært stolt over å jobba med fotball i eit fylke som Sogn og Fjordane.
– Vår suksess er ofte tufta på at me har eit godt samarbeid med dei andre fotballklubbane i fylket og eit truverdig forhold til næringslivet.
(Artikkelen held fram under biletet)
Tek kampen på fotballbana
Sogndal har det minste budsjettet av alle laga i eliteserien. Men heimearenaen Fosshaugane Campus er ferdig med sitt siste byggjesteg og kunstgras vart lagt midtvegs i sesongen.
Mo meiner difor sjansane er større for å bli verande i toppdivisjonen over lenger tid.
– Eg tenkjer, kvifor ikkje? Som alt anna i livet, øving gjer ein betre. Det verste ein gjer er å tenka at ein ikkje er god nok, seier han.
Med kampar mot lag som Rosenborg, Brann og Vålerenga, forklarar Mo kva det er viktig å fokusera på i møte med ressurssterke klubbar:
– Når me møter dei til kamp så er det viktig å fokusera på kva me skal kjempa med dei om. Og det er ikkje å få like stor administrasjon eller økonomi. Det er å kjempa om 3 poeng, avsluttar Rasmus Mo.