Skulpturlaginga på Refviksanden er ei årleg utflukt for kulturskulen i Vågsøy.
Gerd Endestad fortel at det vert bygd store skulpturar.
- Berre det å oppleve sand og vatn - og forme desse materialane er så inspirerande. Og på sanden finn vi masse skjell- og gjerne litt smått søppelskrot som kan verte fine detaljar på skulpturane. Og litt vassing brukar det bli til slutt, sjølv om det som oftast er veldig kaldt, forklarar ho.
Besøket på Refviksanden brukte elevane også til å teste sprettertane dei har laga tidlegare i vår på. Målskivene er vassballongar.
Kulturskulen i Vågsøy har 28 elevar frå seks til 15 år. Desse er fordelt på fem grupper alt etter alder og kor erfarne dei er.
- Vi jobber med teikning, måling, skulptur og kunst i natur, fortel Endestad.