Hopp til innhold

Sjå fylkestinget direkte!

NRK Sogn og Fjordane sender i dag direkte frå fylkestinget sitt siste møte før sommaren.

Underdal støylsysteri fekk BU-prisen 2007.
Foto: Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Underdal Stølsysteri fekk Innovasjon Norge sin bygdeutviklingspris under NRK Sogn og Fjordane si direktesending frå siste fylkesting før sommaren.

Prisen er på 50.000 kroner, og ysteriet får prisen fordi dei er nyskapande samstundes som dei tek vare på dei lange ostetradisjonane i bygda.

Det er første gang i historia at NRK Sogn og Fjordane sender levande bilete og lyd direkte frå eit møte i fylkestinget. Heile møtet i Førde vert direktesendt på nettet.

Kreative stryningar

Moods of Norway fekk gründerprisen på 30.000 kroner frå fylkestinget. Det er andre gang at prisen vert delt ut. Prisen vert delt ut for å vise og motivere unge etablerarar at det er mogleg å etablere seg og satse i fylket.

Moods of Norway fekk gründerprisen
Foto: Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Trioen bak verksemda har vist at dei med gode og kreative idear kan nå langt. Moods of Norway orintererer seg mot utlandet og er eit kjent merke i Hollywood.

Aktuelle tema

Reporter Eldgrim Fossheim vil undervegs halde sjåarane oppdatert på sakene og det som skjer i møtet på Rica Sunnfjord hotell i Førde.

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Foto: Asle Veien / NRK

Dei viktigaste sakene på dette siste fylkestinget før sommarferien er neste års vegprioriteringar, kraftfusjonen og debatten om eit storfylke. Fylkesordførar Nils R. Sandal sin tale dannar grunnlag for ein generaldebatt kring emne som gjeld fylkeskommunen si verksemd og framtid. Her kan sjåarane få ein liten smakebit av kva som vert aktuelle tema i valkampen til hausten.

  SJÅ OG HØYR FYLKESTINGET