Hopp til innhold

Sjå Florø - Brann direkte på NRK.no

Det er cupfeber i Florø cupoppgjeret mot Brann. Du ser kampen gratis på NRK.no.

Video Sjå cupkampen Florø - Brann direkte

SJÅ KAMPEN DIREKTE: Sjå cupkampen Florø–Brann direkte i nett-TV frå klokka 18.

Trenar Terje Rognsø

GLER SEG: Florø-trenar Terje Rognsø ventar storinnrykk torsdag kveld.

Foto: Eivind Hauge

– Mot Sogndal håpar folk på ei cupbombe. Etter det som skjedde, trur faktisk ein del at det kan skje igjen mot Brann, seier Florø-trenar Terje Rognsø til NRK.no.

Laget sjokkerte alle då dei slo ut eliteserielaget Sogndal i første runde i cupen. Og med Brann på besøk, betyr det klingande mynt i kassen.

No håper han tener mellom 300 000 og 400 000 kroner på kampen, noko som gjer godt i kassen til 3. divisjonsklubben.

Det er venta rundt to tusen tilskodarar til cupkampen i Florø torsdag. Dei 1400 seta på hovudtribuna vart utseld på knappe fem timar.

Video Florø gledar seg til Brann

SJÅ TV-SAK: Florø SK ventar publikumsrekord når Brann kjem på besøk i cupen.

– Me har allereie seld over 1800 billettar, so dette kan fort gå mot publikumsrekord, seier Rognsø.

NRK Sogn og Fjordane sender kampen direkte i nett-TV.

– Vi reknar med at dette blir ein publikumsfest, seier NRK-reporter Arve Uglum som skal kommentere kampen på NRK.no.

Avspark er klokka 18 og sendinga startar samstundes. Det blir ein enkel produksjon med eit kamera.

– Men kampen blir kommentert. Vi vel å satse litt på denne kampen både fordi vi reknar med å nå eit stort publikum i Bergen, men også fordi Florø gjennom nedsablinga av Sogndal i 1. runde har vist at dei er kapable til å hamle opp med eit eliteserielag, seier Uglum.