Hopp til innhold

Sivertsen heidra heime

Heimkommunen Bømlo hyllar multikunstnaren Kenneth Sivertsen tre dagar til ende. 

Gitarist, songaren, artisten, komponisten og humoristen Kenneth Sivertsen fylte 45 tidlegare i år.

I den samanheng inviterer lokale musikarar, dansarar og sangarar til hyllestkonserten med namnet Draumespor i Bømlo kulturhus torsdag kveld.

Kenneth Sivertsen
Foto: Roald Berit / SCANPIX

Helt i eiga bygd

Ole Jacob Hystad er ein av dei som skal vera med på konserten.

- Eg er veldig imponert over Kenneth og kjenner meg svært takknemleg over å få lov til å vere med på denne konserten, seier Hystad.

Hystad tykkjer det er flott at det lokale kulturlivet hyllar Sivertsen på denne måten.

- Kenneth har vorte helt i eiga heimbygd, denne konserten er stadfestinga på det.

Mangfaldig karriere

Kenneth Sivertsen har ei mangfaldig karriere bak seg.

Allereie som 20-åring fekk han i 1981 oppført den første symfonien sin. Han har også samarbeida med amerikanske jazzmusikerar som Michael Brecker, Mike Mainieri, Tony Levin og Bob Mintzer.

I februar 2005 falt Sivertsen om på kaia i Haugesund og fekk hjerneblødning.

Sidan hjerneblødninga har han vore på institusjon, delvis på sjukehusa i Haugesund og Bergen, og delvis på rekonvalesensheim.