Hopp til innhold

Sild gav strålande resultat

Norway Pelagic fekk eit godt resultat i fjerde kvartal i fjor.

Havets Sølv

Norway Pelagic kan gle seg over rekordmykje sild i havet.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix


Norway Pelagic hadde ein strålande slutt på året i fjor.

Vekst

Gunnar Domstein

Gunnar Domstein er godt nøgd med resultatet i fjerde kvartal.

- Vi har hatt vekst på dei fleste område, seier administrerande direktør Gunnar Domstein.

Han fortel at resultatet etter skatt var på 54,5 millionar i fjerde kvartal, mot 38 millionar i same periode året før.

Rekordmykje sild

Det gode resultatet skuldast hovudsakleg rekordmykje sild.

- Det har vore rekordstore mengder, vi har hatt nok ressursar og markedet har vore bra, seier Domstein.