Hopp til innhold

Sikringsarbeid i gang på fv 616

Statens vegvesen sette i dag i gang med sikring av fjellsida over fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein.

Ras mellom Davik og Isane
Foto: Bjørn Kenneth Forsberg

Ei synfaring i fjellsida avdekte nokre punkt som det hastar med å sikre, seier byggjeleiar Ann Kristin Nes i Statens vegvesen.

– Vi har bestilt ein geologisk rapport for heile denne strekninga, rapporten blir ikkje ferdig før 17. desember. Men i arbeidet er det avdekt nokre punkt som vi vel å gjere noko med straks. Det er oppsprekt fjell og blokker som ligg stabla oppå kvarandre.

Tidleg i september vart ein bil treft av stein på denne strekninga.

Ann Kristin Nes, miljøkontakt i Statens vegvsen.

GJER NOKO STRAKS: Byggjeleiar Ann Kristin Nes.

Foto: Anna Gytri / NRK

Stengd i lange periodar

I samband med arbeidet blir vegen stengd i lengre periodar frå og med komande torsdag, fortel Nes.

– Men det er ofte ope, vi tilpassar det til bussrutene som går forbi. Dersom folk planlegg litt er det godt mogeleg å kome seg forbi utan å måtte vente for lenge.

Ras mellom Davik og Isane

STORE STEINAR: Desse steinane fall ned i vegbana i september.

Foto: Bjørn Kenneth Forsberg

Torsdag blir vegen stengd frå klokka 7.00 til 15.00. Frå måndag til og med onsdag er vegen stengd mellom klokka 7.00 og 17.30.

Men det blir opna for trafikk på desse tidspunkta: 7.40, 8.40, 9.10, 11.15-11.45, 13.20, 14.35 og 16.10.

Fram mot jul blir det arbeid på staden fram til og med torsdag 20. desember, over nyttår startar det på att 2. januar. Etter planen skal arbeidet vere ferdig 17. januar, men dette kan bli endra.