Hopp til innhold

Hevda kamerat køyrde bilen - dømd til fengsel

Etter eit slagsmål ei mai-natt i fjor vart den rusa mannen i 30-åra køyrt heim av politiet. Kort tid etter kom meldinga om at mannen og bilen hans var observert ikkje langt heimanfrå.

Fjordane Tingrett

NEKTA STRAFFSKULD: Den no domfelte mannen hevda at det var ein kamerat som køyrde bilen hans ei mai-natt i fjor.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ein mann busett i Nordfjord måtte svare for eitt tilfelle av promillekøyring då han nyleg møtte i Fjordane tingrett.

Politiet meinte mannen i slutten av 30-åra køyrde bil i rusa tilstand ei mai-natt i fjor, noko han sjølv nekta for og la skulda på ein kamerat.

Promille på 2,15

Den no dømde mannen vedgjekk at han den aktuelle natta var rusa. Etter at han var involvert i eit slagsmål på ein samlingsstad fekk han skyss heim av politiet.

Vel ein halvtime seinare fekk politiet melding om at mannen og bilen hans var observert ikkje langt frå huset hans. Politiet fatta då mistanke til at mannen dei nettopp hadde køyrt heim hadde sett seg rusa bak rattet.

To polititenestemenn oppsøkte bustaden hans der mannen også var. Dei konfronterte han med mistanken om promillekøyring og tok han med til blodprøvetaking. Blodprøva som vart teken vel ein time etter den melde promillekøyringa viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 2.15 i promille.

Skulda på kamerat

Den tiltalte på si side nektar for at det var han som køyrde, og har hevda at det var ein kamerat som sat bak rattet. Kven denne kameraten er, vil han ikkje ut med.

Retten trudde ikkje på denne forklaringa. Det vert vist til at verken politiet eller andre vitne observerte andre i nærleiken etter køyringa.

Den same natta skal tiltalte heller ikkje ha nemnt kameraten. I staden sa han fleire gonger til politifolka at han ikkje hadde vore utomhus etter at han vart køyrt heim.

30 dagar i fengsel

Fjordane tingrett viser vidare til at tiltalte endra forklaring på fleire punkt i tida etter hendinga og fram mot rettsforhandlinga. Dei meiner dette viser at forklaringane hans er oppkonstruerte og tilpassa andre bevis i saka.

Etter ei samla vurdering har tingretten kome til at mannen blir dømd til 30 dagar fengsel og ei bot på 50.000 kroner.

Han må i tillegg vere utan førarkort i to år og betale sakskostnader på 5000 kroner.