Hopp til innhold

Senterpartiordføraren får fire nye år i Etne

Tysdag kveld kom Sp, Ap, Høgre og KrF til semje om ein valteknisk avtale som sikrar Senterpartiordførar Mette Heidi Erkrheim Bergsvåg fire nye år som ordførar i Etne.

Framstegspartiet hadde håpa på Kenneth Karlsen i ordførarsetet, skriv avisa Grannar. I det nye formannskapet sit i tillegg Sjur Aakra (Sp), Andreas Grumheden (Ap), Linda Bøthun (H), Øyvind Kaldheim (KrF) og to representantar frå Frp som ikkje er namngjevne, skriv avisa vidare.