Hopp til innhold

Send inn ditt beste påskefoto!

Anten du fangar inn sol og skikkeleg fjellpåskestemning, eller du i staden nyt fridagane i låglandet eller ved sjøen og møter våren der. Tek du eit bilete du er nøgd med og gjerne vil dele med andre så ver med i påskefotokonkurransen vår!

Det kan vere eit nærbilete av eit vårteikn, det kan vere ei flott utsikt frå fjellturen eller ei kosestund i solveggen med appelsin og noko godt i termosen. Kanskje du har kamera med på den første båtturen i år. Det er ikkje sikkert det blir godvêr. Men bileta kan bli fine for det.

Send bileta til oss på sffoto@nrk.no og merk dei påskefoto. Siste frist for å sende inn er 15. april.

Alle kan delta, og dersom du treng tips om korleis du skal gå fram for å få gode bilete kan du få gode fotoråd her.

Gåvekort i fotobutikk

Vinnaren av det beste påskebiletet 2012 får eit gåvekort på 2000 kroner i valfri fotobutikk, nummer to og tre får kvar sin ryggsekk fylt med NRK-effektar.

Vi ønskjer bileta tilsendt via e-post. Pass på å sende med informasjon om kvar biletet er teke/kva motivet syner, og kven som er fotograf.

Vi vil òg gjerne ha andre opplysningar om biletet – særleg viss det knyter seg ei spesiell historie til det.


Bileta blir presenterte på nettet med ei breidde på 650 biletpunkt (16:9-format), og må ikkje vere mindre enn dette. Bileta vil vi helst ha i originalstorleik.

Vi ønskjer bileta tilsendt i jpg- eller tif-format. Vi ser helst at du sjølv tek deg av eventuell bearbeiding av bileta.


Ved å sende bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Bileta som blir brukte, blir lagde ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.