Send inn din beste kortfilm og du kan vinne fine premiar. NRK Sogn og Fjordane stiller med ein flott premie til den som vinn Publikumsprisen. Premien er eit Canon EOS 600 D SLR-kamera.
Ønskjer å inspirere og engasjere
Qfilm-festivalen på Sandane har 10-årsjubileum og ungdomane ved Firda vidaregåande skule som står bak, er no i full gong med planlegginga. Fokuset er på å inspirere og engasjere ungdom til å produsere kortfilmar.
– Vi oppfordrar alle ungdomar frå 13-25 år til å delta i konkurransen. Det er både spanande, lærerikt og ikkje minst morosamt. Vinnarane vil bli premiert med flotte prisar. Vi ønskjer at festivalen skal motivere til å jobbe vidare med film, seier leiar av Qfilm 2011, Mathilde Dahl Igland.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Qfilm er ein filmfestival der kreativ ungdom får vise kva dei kan om film, samt lære meir om film via forskjellige aktivitetar, foredrag og kinovisningar.
Fokuset er på både innsendte kortfilmar og vanlege filmar. Medieelevar på Firda vidaregåande skule arrangerer festivalveka på eige initiativ.
Kortfilmkonkurranse
I konkurransen kan deltakarane melde på filmar innanfor forskjellige kategoriar: beste animasjon, beste dokumentar, beste fiksjon, beste nybyrjar, beste skodespelar, beste regi og publikumsprisen.
– Kortfilmane skal vere på maksimum 10 minutt. Det er også viktig å ta omsyn til at ein har rettigheitar på musikken ein brukar i filmen, seier Dahl Igland.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Gallaaften
I slutten av Qfilm-veka blir det arrangert Qpris, som er ein gallaaften med raud laupar og prisutdeling.
Dei som er med i kategorien Publikumsprisen, blir lagt ut på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Her kan nettlesarane stemme på den filmen dei likar best.
Før den store kvelden vil ein jury sjå gjennom alle dei innsendte filmane og vurdere dei. Vinnarane blir premiert med ein Qpris-statuett og andre premiar. For den som vinn publikumsprisen er det noko ekstra i vente.