Hopp til innhold

Trailer velta på E39

Ved midnatt, natt til laurdag, velta ein semitrailer på E39 mellom Myrmel og Sande.

Semitrailer i grøfta på E39

HAMNA I GRØFTA: Semitraileren ligg med hjula i veret etter utforkøyringa i natt.

Foto: NRK.no-tipsar

Semitraileren ligg no opp ned, om lag 20 meter frå vegen. Brannmannskap, ambulanse og politi rykka ut til staden like over midnatt. Då låg traileren med hjula i vêret.

Politiet veit ikkje årsaka til utforkøyringa, men traileren skal ha vore godt skodd etter forholda.

Etter planen skulle den blitt berga opp laurdag, men no er det usett til søndag morgon. E39 er no open for fri ferdsel til klokka 0900 i morgon tidleg.

Ikkje skadd

Førde bilberging

SKAL HJELPE: Førde bilberging skal få semitraileren opp av grøfta.

Foto: NRK.no-tipsar

Det var ingen andre køyretøy involvert og sjåføren vart ikkje skadd.

Semitraileren veg opp mot 40 tonn. I tillegg har den last om bord og dette krev ekstra tiltak når bilen skal bergast.

– Vi må få løfte den rett opp og no ventar vi på ei mobilkran, seier Arild Tistel i Førde bilberging til NRK.no i 12-tida laurdag.

E39 blir stengd i periodar

Mannskap frå bilbergingsfirmaet var i natt på plass, men enda opp med berre å sikre semitraileren som då støtta seg på nokre tre.

E39 var stengt ein kort periode etter uhellet. Laurdag føremiddag var det eine køyrefeltet stengd. I 16-tida seier Titstel at vegen no er open resten av dagen og kvelden.

– Vi får ikkje starta på sjølve berginga før søndag morgon klokka 0900. Då blir eine køyrefeltet stengd, og i periodar blir heile vegen stengd. Det blir dirigering av trafikken, seier han.

Grunnen til at dei må vente til søndag morgon er at dei treng dagslys. Semitraileren har kostbar spesiallast om bord og bilbergingsselskapet måtte henta inn godkjenningar før traileren kan bergast. Lasta om bord skal ikkje vere farleg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.