UDI seier nei til nytt asylmottak på Skei

Utlendingsdirektoratet har sagt nei til å etablere eit nytt mottak for mindreårige, einslege asylsøkjarar på Skei i Jølster.

Livsmeistringssenteret - tidl. HV10 på Skei

IKKJE HER: Det gamle hovudkvarteret til HV10 blir likevel ikkje asylmottak.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I staden for blir det no oppretta eit nytt mottak for denne gruppa på Lund i Rogaland, i tevling med Jølster og Hå på Jæren.

– Det var tre gode tilbod, og slik sett kunne vi valt alle, men etter ei nøye, samla vurdering kom Lund best ut, opplyser Atle Berge i UDI region Vest, til NRK.

Planen til Norsk Mottaksdrift var å etablere mottaket i dei gamle lokala til heimevernet på Skei, men desse planane blir no lagt på is.

– Det er veldig vanskeleg å seie noko om framtida, det avheng av kor mange asylsøkjarar som kjem. I denne omgangen hadde vi behov for eitt, nytt mottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar i region Vest, opplyser Atle Berge.

Berge vil ikkje gå inn i detaljane kring dei ulike tilboda som kom inn, men slår fast at Lund var veleigna for mindreårige, sidan det tidlegare har vore ein barnevernsinstitusjon på staden.

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp), reagerer ikkje negativt på vedtaket frå UDI, men sler fast at det er litt blanda kjensler i at det no ikkje blir eit mottak nummer to i Jølster. I fleire år har det vore eit stort mottak på Vassenden.

– Det er vel ei slik oppfatning også at vi har eitt mottak i Jølster, og det fungerer godt. Ein er godt nøgde med drifta og den innsatsen kommunen gjer i forhold til dette. Kanskje hadde det vore utfordrande å drive to mottak i ein liten kommune, seier Klakegg til NRK.