Redda sauene frå fjellhylle etter to veker

Arve Rindal frå Eid måtte firast 120 meter nedover i terrenget for å redde to sauer som stod fast på ei fjellhylle i Bjørkedalen. I verste fall kan søya og lammet ha stått på hylla i 18 dagar.

Tysdag sette seks personar kursen for Løsethornet i Bjørkedalen i Volda for å redde to sauer som stod fast på ei fjellhylle.

Men søya og lammet har truleg overlevd på hylla lenge før dei vart oppdaga av ein som såg dei i kikkert nede frå bygda. Tysdag vart dei redda, etter det som i verste fall kan ha vore 18 dagar, fortel Fjordabladet.

Vart firt 120 meter ned

Det var Arve Dahl, leiar i Eid sau og geit, som organiserte ein redningsaksjon etter å ha fått beskjeden om sauene. Men Arve Rindal frå Eid var mannen som måtte trå til då dei innsåg at ein av dei måtte bli firt ned på fjellhylla.

– Det var hyller nedover heile vegen, så eg vart ikkje firt loddrett ned, men det var to taulengder ned, altså 120 meter. Men det var slik at eg kunne gå litt, så vart eg firt igjen, og så kunne eg gå litt, fortel Rindal.

saueløysing eid

HER STOD DEI: Denne fjellhylla var heimen til to sauer over lengre tid. Ein tredje sau hadde falle utfor hylla der det var brattast, før redningsgruppa kom.

Foto: Arve Rindal

Foreldra hans driv gard i Eid der han sjølv er aktiv i den daglege drifta. Også dei har sauer i dette området, og difor ville dei vere med på redningsaksjonen, sjølv om det viste seg å ikkje vere sauene deira. Rindal opplevde det heile som udramatisk, men seier at det innimellom var svært bratte parti.

– Det var enkelte parti der det var loddrett hammar, kanskje mellom tre og fire meter, då måtte eg rappellere ned. Elles kunne eg nesten gå heile vegen og halde meg i busker.

Svært magre sauer

Med seg i bygda hadde dei ein ekstra kar som følgde med gjennom kikert, og dirigerte Rindal slik at han skulle kome seg ned på rett hylle.

– Første gongen såg han meg ikkje, så då måtte eg opp igjen og få på meg ei raud t-skjorte. Då såg han meg, så då var det berre å kommandere kor eg skulle gå hen. Det var litt lenger ned enn eg trudde, eg såg ikkje sauene før eg kom ned på hylla over dei, fortel han.

Og det var ikkje eit triveleg syn som møtte han.

– Dei var ganske skrinne, og gjekk og jamra. Då eg kom ned på hylla fekk eg jaga dei utfor, og dei var snare med å hoppe, så det var nok berre det at dei trengde ein dytt, seier Rindal.

– Var nok ganske desperate

Han kunne sjå at dei hadde vore der lenge.

– Det var ganske brunt der, og det var ikkje meir gras igjen. Dei hadde gnege på nokre kvistar, og då var dei nok ganske desperate der. I tillegg var hylla dekka med skit.

Men med eit lite dytt bak kom sauene seg ned frå hylla, og starta å ete grønt gras med ein gong. Kor lenge dei har vore der er redningsgruppa usikre på.

– Det var ein tredje sau som låg skadd under den same fjellhylla, den har falle utfor tidlegare. Han hadde ein elektronisk sendar på seg, og den mista eigaren kontakt med 11. juli. Men om det var då dei kom ned på fjellhylla, det er vanskeleg å seie.

Truleg vore der minst to veker

Men ifølgje Rindal kan det altså i verste fall vere snakk om 18 dagar på fjellhylla for sauene, dersom det stemmer med tidspunktet eigaren mista kontakt med radiosendaren.

– Men det kan godt ha vore at det ikkje har vore dekning i det området dei har vore før dei har kome ned på hylla. Men rundt to veker trur eg er ganske rimeleg å tru at dei har vore der, seier han.

Han tykkjer det er ganske utruleg korleis sauene har greidd seg så lenge på ei fjellhylle, med lite mat og drikke. Kanskje særleg for søya sin del, då lammet kunne få mjølk av mora.

– Det har vel vore ei regnskur av og til, og så har dei klart seg på ein eller annan merkeleg måte. Men det er ganske utruleg, eigentleg, seier Rindal.