Hopp til innhold

Måtte stengje E39 Stigedalen grunna trailerkaos

Fleire vogntog hamna i grøfta, og endå fleire vogntog køyrde seg fast på det såpeglatte føre på E39 i Stigedalen torsdag kveld.

Stigedalen

HAGL OG SNØ: Føretilhøvet er særs dårleg på E39 i Stigedalen nett no.

Foto: NRK-tipsar

– To vogntog har køyrt i grøfta, og minst tre andre kom seg ikkje av flekken fordi det er så glatt. Det eine vogntoget er berga, men det andre krev noko meir arbeid, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Johnny Lilleng.

E39 i Stigedalen er stengd for fri ferdsle, men personbilar blir dirigerte forbi ulykkesstaden.

– Det er uvisst kor lang tid dette vil ta, seier Lilleng.

Klokka 22.10 var vegen framleis stengd, men frå bergingsmannskapa på staden får NRK.no opplyst at det fort kan ta ein time til før vegen er open.

– Vegen vert halden stengd fram til bilberging har fått rydda opp. Så vidt vi veit står vogntoga fast i stigninga opp frå Sogn og Fjordane-sida. Det skal vere noko glatt på staden, sludd i lufta og nullføre, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen, Kjetil Molvær.

Har stoppa på toppen

Både føret og vêrtilhøva skal vere vanskelege på staden.

– Eg har stoppa om lag 500 meter frå toppen. Det står kø nedover så langt auga kan sjå, fortel ein sjåfør til NRK.no, som ikkje ønskjer namnet sitt på trykk.

Køen strekkjer seg også langt mot Møre-grensa, og vegbana skal vere svært glatt.

Blir bedde om å halde seg i ro

– Eg snakka med han i bilen framfor meg, og han som køyrer strøbilen hadde sagt at vi berre måtte halde oss i ro til han kom att, seier sjåføren til NRK.no.

Det er førebels uvisst om trailerane som har fått problem er norske eller utanlandske.

E39 i Stigedalen er open som normalt fredag morgon.