Hopp til innhold

Kommunane er godt nøgde med omstridd helsereform

Snart eit år etter at kommunane fekk større ansvar for å behandle og følge opp pasientar gjennom samhandlingsreforma, ser det meste ut til å gå bra.

Ragnhild Eimhjellen er helse- og sosialsjef i Gloppen

TYKKJER DET GÅR BRA: Helse- og omsorgssjef i Gloppen, Ragnhild Eimhjellen, er nøgd med resultata av samhandlingsreforma så langt.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Vi har gode erfaringar så langt, seier Helse- og omsorgssjef i Gloppen kommune, Ragnhild Eimhjellen.

Ei ringerunde NRK har gjort til kommunane gjev inntrykket av at samhandlingsreforma fungerer i kommunane våre.

– Vi synes det har gått bra i vår kommune, og vi såg jo og då vi hadde ein konferanse samla med kommunane i Sogn og Fjordane at det verkar som det har gått bra med samhandlingsreforma, seier Eimhjellen i Gloppen kommune.

– God planlegging

Sidan januar har kommunane hatt større ansvar for å behandle eigne pasientar. Dei kjem tidlegare heim frå sjukehus og kommunane skal vere betre rusta til rehabilitering og på sikt også førebygging.

Navarsete og Strøm-Erichsen

STOD BAK: Sp-leiar Liv Signe Navarsete og dåverande helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kjempa for samhandlingsreforma.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Kommunalsjef i Bremanger, Randi Ytrehus, trur god planlegging er årsaka til at overgangen har gått greitt.

– Eg ser at vi har løyst veldig mange oppgåver og vi planla ganske godt i forkant. Vi rigga organisasjonen vår slik at den skulle vere i stand til å takle meir i kommunen. Vi har oppretta fleire korttidsplassar, vi har fokus på å auke spisskompetanse på ulike områder, sler Ytrehus fast.

– Må samarbeide

Men framover skal kommunane få endå meir ansvar for nye og meir spesialiserte oppgåver. Det vil by på problem, trur helseprofessor, Tor Inge Romøren:

– Når det gjeld kommunane i Sogn og Fjordane så strevar dei med å få tilstrekkeleg kompetanse i personalet til å gjennomføre nye, krevjande oppgåver. Kommunane er dessutan små, så dei må samarbeide og bruke tid og krefter på å finne ut korleis dei skal løyse desse oppgåvene i fellesskap, seier professoren.