Hopp til innhold

Same standard i 20 år

Stamvegvedtaket kom i 1994, men etter det har det vore smått med pengar.

E39 i Lavik.
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

- Eg blir litt oppgitt. Vi treng ein milliard til berre for å ruste opp E39, og eg er redd me ikkje kjem i land med den heller, seier ordførar Gerd Dvergsdal i Jølster.

Det har gått 14 år sidan dåverande samferdsleminister Kjell Opseth bestemte at stamvegen gjennom Vestlandet skulle vere E 39. Men sidan vedtaket vart gjort har løyvingane vore langt mindre enn det nokon hadde trudd den gongen.

Mangdobbelt andre stader

Samstundes viser eit oversyn frå Statens vegvesen at det har vorte brukt og er planlagd å bruke det mangedobbelte på andre vegar i fylket som til dømes Dalsfjordbrua og Bremangersambandet.

Dvergsdal meiner det vert ein logisk brist for folk flest at mindre riksvegar stikk av med vegløyvingane samstundes som stamvegen får så lite.

- Det er heilt naturleg at det er mange ynskje om nye vegar. Det tykkjer eg er heilt greitt, men dersom ein ikkje ein gong klarer å ta utbetringar og vedlikehaldet på stamvegar blir det ein logikkbrist, seier Dvergsdal.

Kan stogge opp

På dei 14 åra som er gått har det så langt blitt gjort tre utbetringar av E39 gjennom fylket; ny tunnel mellom Teigen og Bogen langs Sognefjorden, gul stripe mellom Sandane og Anda og opprusting av Stigedalen.

Dvergdal meiner dette vert så lite at visjonen om ein stamveg gjennom fylket kan stoppe heilt opp.

- Det står nesten på staden kvil. Nokre små parsellar har vorte tekne, men elles er det veldig lite som er gjort.

Ikkje prioritert

Også Gloppen-ordførar Anders Ryssdal meiner det er på tide å vakne. Han tykkjer 450 millionar kroner så langt er altfor lite pengar.

- Det fortel meg at houvdfartsåra gjennom Sogn og Fjordane og sør på Vestlandet ikkje har vore prioritert, seier Ryssdal.