Arne Gjerde gjekk på ski då han vart oppdaga av eit Sea King redningshelikopter som nettopp vart sett inn i leitinga. Han vart funnen nord for Eksingedalen, ved Kvanndalsleitet, klokka 13.10 torsdag ettermiddag.
Lettare skadd
34-åringen vart sendt til sjukehuset på Voss der han no blir liggande nokre dagar. I følgje sjukehuset er han lettare skadd, og har forfrysningsskader på fingrar og tær.
Overnatta i snøholer
Gjerde har fortalt til politiet at han har overnatta i snøholer medan uveret rasa på fjellet. Holene gravde han ut med hender og ski, for han hadde ikkje anna utstyr med seg, seier lensmann på Voss, Kåre Rykke.
- Utruleg
Lensmannen seier at det er utruleg at 34-åringen har halde seg i live i 72 timar i snøen med det veret som var i området. Han var tynt kledd og hadde ikkje hue og votta på seg. Tekstmeldingar frå Gjerde seint måndag kveld tyda ikkje på at han var i vanskar, men at han måtte overnatte i fjellet.
Stor leiteaksjon
To helikopter, 18 snøskuterar, 40 mann og sju hundar har vore med i leitinga som har pågått sidan tysdag morgon. Det har vore vanskelege leiteforhold med tett skodde og snødrev. Stor skredfare og bratte fjellsider gjorde til at det var store område leitemannskapa ikkje kunne ta seg inn i før dei kunne setje inn helikopter. Leitemannskapa gjennomsøkte alle hyttene i søkeområdet.