Hopp til innhold

Sakna jeger funnen omkommen

Det var den 57 år gamle Johannes Meisterplass som omkom under jakt i Sogndal.

Leiteaksjon etter sakna jeger

TELTLAG: Like før midnatt etablerte Sivilforsvaret eit teltlag i området ved Lingeseter.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det var i 17:50-tida laurdag at jegeren frå Sogndal blei meld sakna i området nordvest for flyplassen ved Haukåsen.

– Mannen blei funnen død i føremiddag, ikkje langt frå sist kjende posisjon. Vi kan førebels ikkje seie noko om kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge i politiet.

Mannen var ein del av eit jaktlag, og kameratane kontakta politiet då dei ikkje fekk kontakt med han. Mannen blei sist sett i 13-tida.

Det blei sett inn store styrker i leitinga, og den heldt på til seint laurdag kveld.

Leiteaksjonen blei trappa opp igjen i sjutida søndag morgon. Over 50 mann frå Sivilforsvaret og Røde Kors var med, i tillegg til fire hundeekvipasjar frå Norske Redningshundar. Også ei alpin redningsgruppe og helikopter var med i søkjet.

Leiteaksjon etter jeger i Sogndal

STOR LEITEAKSJON: Også eit helikopter blei sett inn i leitinga etter mannen.

Foto: Simon Krosby

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.