Hopp til innhold

Såg ingenting i uvêret – måtte bergast ned frå skisenter

Fire skikøyrarar måtte i dag ringje nødtelefonen frå toppen av Sogn skisenter i Hafslo. Dei såg ikkje ein meter framfor seg grunna sterk vind og snø. Uvêret har òg skapt problem for andre skisenter i fylket.

Berga ned frå skitrekket av røde kors

VART BERGA: Skikøyrar Ole Fretheim, til høgre i biletet, måtte saman med tre andre få hjelp frå Røde Kors til å ta seg ned frå toppen av skitrekket i Hafslo. Kenneth Kalhagen, Stein Helge Selland og Morten Heggestad frå Røde Kors var med i patruljen.

Foto: Runar Tørvi

– Me fekk ned att dei som trengde assistanse, så dei er i god behald, seier Runar Tørvi ved Sogn skisenter.

Dei vart kontakta av politiet om dei fire som stod fast og handla raskt. Etter om lag eit kvarter hadde ein patrulje frå Røde Kors kome fram til følgjet, som fekk assistanse ned trekket.

– Det gjekk rimeleg kjapt, men det er tøft oppi der, så eit kvarter var lenge nok, seier Tørvi.

Måtte stenge nyopna heis

Han fortel at dei tre hadde mista fullstendig retningssansen i skitrekket, men dei kom seg til ei lysmast og ringde derifrå.

– Dei stod der til dei fekk hjelp. Heldigvis hadde dei vet nok til å vente, seier Tørvi.

På grunn av den dårlege sikta har dei no blitt nøydde til å stengje heisen i den øvre delen av trekket, truleg ut dagen. Dermed vart det ein tøff debut for skiheisen, som hadde si offisielle opning i dag. Elles går heisane, men med avstigning lenger nede enn vanleg.

Dårleg sikt i Sogn skisenter

DÅRLEG SIKT: Frå trakkemaskina, som var oppe i heisen tidlegare i dag, var det ikkje mykje utsikt å spore.

Foto: Runar Tørvi

Stengt i Stryn

I Stryn har skisenteret vore stengt i heile dag. Avgjersla vart teken eit kvarter før dei skulle opne.

– Vi prøvde så lenge vi kunne, men krokane stod sidelengs på toppen, så då var det ikkje vits å prøve lenger, seier dagleg leiar Kåre Tonning.

Han fortel at det har vore mykje folk i bakken likevel. Ivrige skikøyarar har teke på seg fellane og gått opp for eiga maskin.

– Folk er ikkje redde vêret, seier Tonning, som seier dei vil prøve å opne skisenteret att i morgon.

Ekstreme vindkast

I Hodlekve i Sogndal merkar dei også den sterke vinden. Trakkemannskapa var tidlegare i dag på toppen av heisen i Rindabotn. Der fekk dei verkeleg kjenne på naturkreftene.

– Der går det no knapt an å vere. Fleire gonger var det så mykje vind og snø at trakkemaskina berre måtte stoppe opp, for dei såg ingenting, seier dagleg leiar Cecilie Grendahl.

Dei har no stengt heisen i Rindabotn ut dagen, medan hodlekveheisen går som vanleg.

I Blomlia i Førde er det òg mykje vind i toppen av trekket, men begge heisane går som normalt. Vêret har likevel gjort at folk flest har valt å halde seg heime.

– Det er ikkje fullt i skibakken. Det er nokon, men det er nok dei ivrigaste, seier Elin Viken frå kiosken i Blomlia.