Hopp til innhold

I dette forteltet skulle Mats og kompisen sove i natt...

Mats Haugnes frå Florø vart kasta vegger imellom då forteltet vart rykka opp av pluggane. Dermed forsvann heile soverommet til han og kompisen.

Familien Haugnes

BØYGDE: Berre filler er att av forteltet der Mats Haugnes (nr. 3 f.v.) og kompisen skulle sove i natt. Stengene, som dei held i hendene, skulle vore rette.

Foto: Jørn Njøs / NRK

– Det var skremmande. Eg stod inne i forteltet på campingvogna, medan mamma og broren min stod på utsida og prøvde å setje i att pluggane som heldt det i ro. Men så kom det dén vindkula og røska teltet opp, fortel Mats Haugnes frå Florø.

Han er på Landsskyttarstemnet saman med foreldra, to brør og ein kamerat.

Sjølv stod han inne i forteltet og vart kasta vegger i mellom då vindrosa kom.

– Eg vart slengt i veggen, og bord og stolar fauk. Eg fekk meg ein god smell, seier Haugnes.

Pluggane stod att, stengene fauk

Pluggane, som står att i bakken, talar sitt tause språk om kreftene som har vore i sving. Teltstengene vart rykkte lause frå sjølve pluggane og forsvann i vinden.

Den eine teltstonga small inn i veggen på campingvogna med slik kraft at ho stakk tvert gjennom veggen, og står inn i vogna.

– Ho stikk ut inne, så det er vanvittige krefter, seier Haugnes.

Med forteltet som forsvann, forsvann også soveplassane til Haugnes og ein kompis.

– Vi har sove i forteltet, men det er jo øydelagt, så vi må finne oss ein annan stad å bu, seier Haugnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pluggen

KREFTER: Berre pluggane står att i bakken. Teltstengene vart rykkte opp av vinden.

Foto: Jørn Njøs / NRK

Skal til lege med ryggen

Til alt hell har besteforeldra hans leigd seg inn i eit hus i nærleiken, så han trur det vil ordne seg greitt.

– Der var nokre ekstra sengeplassar att, så vi får nok sove der, seier Haugnes.

Han har tenkt å oppsøkje lege, for ryggen er ikkje god.

– Eg vil gjerne sjekke det, for eg har hatt litt problem med ryggen før, seier Haugnes.

Han fortel at alt skjedde frykteleg fort.

– Det var over ganske fort, men det bles likevel godt. Vi tok ned teltet og stappa det under vogna, og så tok vi til å hjelpe andre folk rundt oss, seier Haugnes.

Rakk aldri å bli redd

Han fortel at han aldri rakk å bli redd, sjølv om det så absolutt var grunn til det.

– Eg trur ikkje ein rekk å bli redd når slikt skjer. Men eg blei litt skremd då eg såg dei svære salstelta som står borte på arenaen. Eg var litt redd for at dei skulle komme flygande mot oss, for vi var akkurat i deira vindretning, og hadde det skjedd, hadde det vore skummelt, seier Haugnes.

Mats Haugnes

IKKJE REDD: Mats Haugnes rakk aldri å bli redd.

Foto: Jørn Njøs / NRK

Han karakteriserer campingplassen og området rundt som fullstendig kaotisk.

– Det ser ut som ei blanding mellom ein campingplass og ei krigssone. Det ligg campingvogner strødde, papir, deler av telt og ymse strødd rundt her, seier Haugnes.

Han fortel også at fleire bilar som har fått rutene smadra av flygande

Blir så lenge stemnet går

Familien Haugnes var nabovogn til Stein Mortensbakke frå Førde, som på det tidspunktet var på standplass for å skyte telt. Åleine i vogna var to jenter, som følgjeleg vart skremde av det som skjedde.

– Vi tok oss av dei og fekk sikra dei, samt rive ned forteltet hans og kasta det inn i vogna hans, seier Haugnes.

Trass i dagens hendingar, er ikkje familien inne på tanken om å reise heim.

– Nei, vi dreg ikkje heim. Vi er ikkje ferdige å skyte endå, så så lenge stemnet held fram, så blir vi her, seier Haugnes.

Tre personar er skadde

Arnt Gorset i leiargruppa for Landsskytterstevnet opplyser at all skyting er innstilt til klokka 07.30 søndag.

– Vi har så langt fått melding om at tre personar har fått lettare skadar grunna uvêret. Det skal dreie seg om ei forstua skulder, og minst eitt ribbeinsbrot, seier Gorset.