Hopp til innhold

Så våt og varm var desember 2013

Desember 2013 var blant dei våtaste og varmaste i Sogn og Fjordane sidan Meteorologisk Institutt starta opp målingane sine.

Mykje regn
Foto: Oddleif Løset / NRK

- Det er ingen tvil om at det var mildt og vått i desember. Alle målestasjonane våre har meir nedbør og høgare snittemperatur enn vanleg , seier statsmeteorolog Berit Hagen.

Dei fleste av målestasjonane til Meteorologisk Institutt i Sogn og Fjordane har ikkje hatt meir nedbør sidan rekordåret 2006.

98 % meir på Takle

På den som vanlegvis er den fuktigaste, Takle i Gulen, har også avviket vore størst. 731,9 millimeter nedbør kom det i desember, 98 prosent meir enn normalt.

Det minste avviket har kome på staden som vanlegvis er tørrast, altså i Lærdal. 55 millimeter er 12 prosent meir enn normalt.

Også når det gjeld temperaturane har det vore ein månad utanom det vanlege. I Fjærland har gjennomsnittstemperaturen i desember vore 4,4 grader høgare enn normalen som er 1,7 varmegrader.

Rekordåret 2006

Meteorologisk institutt har oversendt desember-målingane frå eit eit utval av målestasjonane sine, og samtlege viser større nedbørsmengder og høgare temperaturar enn normalt.

Takle: Middeltemperatur på 5,0, 2,9 grader varmare enn normalen. 731,9 mm nedbør, 98 prosent meir enn normalt. 5. største nedbørmengda sidan målingane starta. Nedbørsrekorden er frå 1975 då det kom 828,1 mm i desember. 3. høgste middeltemperatur sidan målingane starta. Rekord frå 2006 på 6,1 grader.

Vangsnes: Middeltemperatur på 3,8, 2,8 grader varmare enn normalen. 202 mm nedbør, 54 prosent meir enn normalt. 3. største nedbørsmengda sidan målingane starta. Nedbørsrekord frå 2006 då det kom 230 mm. Nest høgste middeltemperatur sidan målingane starta. Rekord frå 2006 på 5,4 grader.

Lærdal: Middeltemperatur på 3,1, 2,8 grader varmare enn normalen. 55 mm nedbør, 12 prosent meir enn normalt. Nest største nedbørsmengda sidan målingane starta. Nedbørsrekord frå 2011 då det kom 100,8 mm.

Sogndal Lufthamn: Middeltemperatur på 0,6, 3,7 grader varmare enn normalen.
Fjærland: Middeltemperatur på 1,7, 4,4 grader varmare enn normalen. 352 mm nedbør, 55 prosent meir enn normalt. 3. største nedbørsmengda sidan målingane starta. Nedbørsrekord frå 2006 då det kom 433,3 mm. Nest høgste middeltemperatur sidan målingane starta. Rekord frå 2006 på 2,9 grader.

Bringeland: Middeltemperatur på 1,7, 3,2 grader varmare enn normalen.
Tefre: 421 mm nedbør, 62 prosent meir enn normalt.

Florø Lufthavn: Middeltemperatur på 5,5, 3,2 grader varmare enn normalen.
Ytterøyane: 6,2 grader, 2,5 grader varmare enn normalen.

Sandane: Middeltemperatur på 4,4, 4,2 grader varmare enn normalen. 255,8 mm nedbør, 60 prosent meir enn normalt. 9. største nedbørsmengda sidan målingane starta. Nedbørsrekord frå 1980 då det kom 329 mm. 3. høgste middeltemperatur sidan målingane starta. Rekord frå 2006 på 5,4 grader.

Sandane Lufthamn: Middeltemperatur på 4,4, 4,1 grader varmare enn normalen.
Stryn: Middeltemperatur på 2,3, 3,8 grader varmare enn normalen. 327,8 mm nedbør, 68 prosent meir enn normalt. Nest største nedbørsmengda sidan målingane starta. Nedbørsrekord frå 2006 då det kom 390 mm. Nest høgste middeltemperatur sidan målingane starta. Rekord frå 2006 på 3,1 grader.