Hopp til innhold

Så mykje kostar dei dårlege vegane

At norske vegar mange stader er mildt sagt dårlege veit nok dei fleste. Lerum Fabrikker er blant bedriftene som får merke at dårlege vegar svir i lommeboka.

Lerum-saft

DYRT: Det er ikkje billeg for Lerum å køyre saft og andre produkt ut til butikkane. Kvar tiande krone selskapet har i omsetnad går til transport.

Foto: NRK

Torsdag denne veka vert statsbudsjettet lagt fram, og mange følgjer spent med på kor mykje pengar som kjem til utbetring og bygging av nye vegar landet rundt.

For bedrifter i distrikta er det ekstra viktig med meir pengar i vegpotten. Saft- og syltetøyprodusenten Lerum i Sogndal brukar meir enn kvar tiande omsette kroner på transport, skriv Nationen.

Dette skjer trass i at infrastruktur vart peika ut som eit av bruksområda for oljeinntektene då handlingsregelen vart forfatta for eit tiår sidan.

Regjeringa har også i Nasjonal Transportplan sagt at dei vil styrke konkurransekrafta i næringslivet gjennom å redusere avstandskostnader.

– Eg vil ikkje klage over at vi ligg her vi ligg, for det er eit val vi sjølve gjer. Men det er klart at vegnettet ikkje bidreg til å lette avstandsulempa vår. Vi har høge framføringskostnader, seier Jan Audun Larsen til avisa.

Larsen har ansvar for innkjøp og logistikk hos saft- og syltetøyprodusenten og fortel at meir enn halvparten av Lerum-produkta går til den sentrale Austlandet.

– Når varene skal over høge fjell og djupe dalar seier det sjølv at det ikkje blir billeg å transportere, seier Larsen til Nationen.

Han seier vidare til avisa at rette vegar hadde vore det beste for å minke transportkostnadene.

– Vi ser føre oss at vegane går i tunnel, framfor over fjell. Spesielt om vinteren ville det vore bra for varetransporten.