Hopp til innhold

Rykte ut med gyllevogn då det tok fyr i bil

Ein bil tok i like før klokka 21.30 til å brenne ved Stavøy i Flora kommune. Ein snarrådig bonde i området kom raskt til og heldt brannen under kontroll med vatn frå ei gyllevogn.

Stavøy

– Vi veit svært lite, men vi fekk melding via brannalarmsentralen klokka 21.22 om at det brenn i ein bil ved Stavøy, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben.

Like før klokka 22 fortel folk i området at brannvesenet er framme på staden.

Domben kjenner ikkje til om det var folk i bilen då det tok til å brenne.

– Vi har svært lite opplysningar på noverande tidspunkt. Ei politipatrulje er send til staden, seier Domben.

Kjøler ned vraket

Vaktleiar ved Alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik, stadfestar at det vart sendt fem brannfolk og ein brannbil til staden.

Han har forstått det slik at bilen stod i ro då det tok til å brenne.

– Det er slik eg har skjønt det, men det er svært dårleg mobildekning i dette området, så det er ikkje lett å kommunisere, seier Holvik.

Han har i 22.30-tida ikkje fått endeleg rapport frå mannskap på staden, men reknar med at brannen er sløkt.

Veit ikkje kvifor det tok til å brenne

– Brannmannskapet driv og kjøler ned vraket, men brannen er sløkt, seier Holvik.

Han reknar med at bilen er heilt utbrend.

– Det tok nok vel ein halvtime før vi nådde fram, og på så lang tid, er det ikkje mykje att av ein bil når det har teke skikkeleg fyr, seier Holvik.

Det er førebels uvisst kva som er årsaka til at brannen starta, og saka vil bli vidare følgd opp av Flora politistasjon.