To store gravemaskiner og ein hjullastar har i heile dag jobba med å rydde bort dei enorme steinmassene på rv 55 mellom marifjøra og Gaupne.
- Det er ein tung jobb for både maskiner og mannskap, og arbeidet krev at ein tek førehandsreglar seier geolog Odd Andre Rustad.
Sjå bilete frå oppryddingsarbeidet
.
3000 personar har vore delvis isolerte etter at 500 kubikkmeter med masse og fleire steinblokker på storleik med lastebilar rasa ned i vegbana.
Stor trafikk på ekstrabåten
Det er sett opp båtrute mellom Gaupne og Marifjøra som korresponderer med bussrutene i området.
– Båten tek berre 12 personar, men vi køyrer kontinuerleg til alle har kome på jobb. Det fortalde båtførar Arild Grønningen i dag tidleg. Han kunne melde om god stemning og full båt på kvar tur.
Sidan Statens Vegvesen ikkje tok ansvar for å stte opp ekstraferjer mellom Solvorn og Ornes, har Luster kommune skore gjennom og garantert for utgiftene. Dermed vart det frå klokka 13 i dag ekstraturar over Lustrafjorden kvar time.
Foto: Vegar Erstad, NRK.