Sidan juni i fjor har ein russisk fisketrålar lege til kai i Borgundvågen på Stadlandet.
Den vart teken i arrest etter at reiarlaget ikkje betalte rekningane sine. No er selskapet konkurs, og båten frislept. Men den ligg der endå.
- LES OGSÅ:
– Båten er ikkje lenger i arrest. Det vart gjeve avkall på arresten i slutten av november i fjor, seier lensmann Bård Didriksen i Selje.
Mat, straum og vatn
Han har hatt kontakt med Ervik Havfiske som har opptredd som agent for båten. Dei seier at det heile tida har vore to mann ombord, og som framleis bur i båten.
– Dei har det bra. Dei har mat, straum og dei får tilkøyrt vatn. Mannskapet har det greit.
Det er mykje takka vere Ervik Havfiske som har stilt opp for det austeuropeiske mannskapet. Men det er ikkje over enno.
Eigaren er konkurs
– Firmaet som eig båten har gått konkurs. Det jobbast frå fleire hald, mellom frå Ervik Havfiske si side, for å finne ei løysing på dette.
– Ifølgje bustyrar i Russland så er det mogleg at båten kan bli selt til ein kjøpar i Litauen. Men når det er eit bustyre inne i biletet, og dei held til i eit anna land, så tek ting tid.
Uviss framtid
Dermed er det uklårt kva som vil skje med både mannskapet, og båten. Politiet har ikkje lenger noko rolle i det.
– No som eigaren er orientert om frigjevinga, har ikkje politiet ei formell rolle i dette lenger, seier lensmann Bård Didriksen til NRK.
Mannskapet skifta ut
Driftsansvarleg Stig Ervik i Ervik Havfiske har heile tida hatt kontakt med dei som er ombord. Han fortel at mannskapet ombord har blitt skifta ut i løpet av desse månadene.
– Dei har vore nokre månader om gongen, og så har det kome nye. Vi har sørga for vatn og straum og dei har halde seg med russarane som jobbar i selskapet vårt. Så eg trur ikkje dei har lidd noko naud.
Bubestyraren skal no finne ut om dei har lov å selje båten.
– Det skulle dei få vite snart. Eg veit om fleire som kan vere interessert i båten, seier Ervik.