Hopp til innhold

Snøfast på veg til russetreff

Russegjengen var på veg til russetreff i Kongeparken då dei blei fanga av snøkaoset. – Vi blei jo livredde redde for at vi ikkje skulle nå fram i tide.

Russen på vei til Kongeparken

PÅ VEG TIL RUSSEFEST: Denne russegjengen var på veg til Kongeparken då snøveret tok dei. Her er dei på ferja på veg til Stavanger i ettermiddag.

Foto: Privat

– Vi blei livredde! Eigentleg var planen å starta turen til Stavanger alt i går, så då dette skjedde, blei vi kjempestressa, sigre Mai Iren Sylta.

Saman med Andreas Merkesdal og Eirin Eidsheim er ho på veg til årets viktigaste treff for mange norske avgangselevar, nemleg russetreffet i Kongeparken i Stavanger.

– Ikkje akkurat rekna med snø

Men turen fekk ein brå stopp berre kort tid etter avreise frå Bergen. Russebilen hamna midt i snøkaoset som råka Bergen og Vestlandet denne morgonen.

– Vi har berre sommardekk på bussen, seier Mai Iren.

Saman med mange andre bilistar i Bergen, blei russebussen ståande bom fast på E39 over Valleheiane i fleire timar.

Ein annan russebuss køyrde seg fast alt i åttetida fredag morgon. Det førte til at bilen til Mai Iren og gjengen vart ståande i kø også.

– Heldigvis klarte vi det til slutt. Vi gjekk ut og fekk snakka med politiet, og så klarte vi å snu og køyre om Fana i plassen, seier ho.

Sjå video frå snøkaoset i Bergen:

Rednignsbiler tauer bort en forlist bil i Vallaheiane i Bergen.

SE VIDEO: Slik så det ut på Vallaheiane på E39 i Bergen. FOTO: Rune Eriksen

E39 stengt i timevis

Europavegen mellom Bergen og Halhjem var stengt over Valleheiane frå klokka 8 til klokka 10. Då opna vegen delvis for å sleppa ned dei som hadde stått fast sidan sjutida på morgonen.

Først nærare klokka 12.00 opna vegen for vanleg trafikk.

Då hadde politi, Statens vegvesen og redningsbilane hatt sitt fulle hyre med å få rydde vegar og grøftar for bilar som hadde køyrt seg fast i snøen.

Då NRK.no snakka med russebuss-gjengen, hadde dei for lengst lagt den snøfylte starten på turen bak seg.

– Vi er allereie snart på siste ferja, fortel Eirin på telefon frå bussen. Så no ser det iallfall ut til at vi når heile festen.

Snøfast russ i Vallaheiane

FANGA AV SNØEN: Eirin Eidsheim (tv), Andreas Merkesdal og May Iren Sylta hamna midt i snøkaoset i Bergen.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK