To menn vart sendt med luftambulanse til sjukehuset i Ålesund etter at bilen dei sat i hamna utfor vegen på E39 ved Årskogvika Camping ved Lote i Eid kommune.
Ved 22-tida opplyser Helse Møre og Romsdal at dei to er moderat skadde og stabile.
Legane er ikkje ferdige med sine undersøkingar, men det er klart at dei begge har skader i hovudet.
Deira pårørande er så langt ikkje varsla om ulukka.
Rusa i stolen bilen med stolne skilt
Det syner seg at bilen dei to køyrde, var stolen på Sandane tidlegare i veka. Bilskilta var stolne frå ein annan bil på Sandane.
Det er teke blodprøver av dei, for det er mistanke om at dei har køyrd i rusa tilstand.
Eid og Gloppen lensmannskontor skal stå for den vidare etterforskinga.
Dei to vart frakta til Ålesund med luftambulanse. Den eine er i slutten av 20-åra, den andre i byrjinga av 30-åra. Begge er heimehøyrande i Nordfjord.
På si ferd ut av vegen har bilen reve med seg ein lyktestolpe, opplyser vitne på staden til NRK.no.
– Mannskap frå politi, brann og ambulanse rykte straks ut då dei fekk melding om ulukka klokka 18.56, fortel operasjonsleiar Leif Bell ved politiet sin operasjonssentral.
Ulukka skjedde omlag 700-800 meter frå ferjekaien på Lote, og bilen kom frå Nordfjordeid.