Hopp til innhold

– No blir det rulleskibane

Skiskyttarmiljøet i Nordfjord får truleg bygd si lenge etterlengta rulleskibane, etter at fylkesutvalet tysdag gjekk inn for å løyve 1 million kroner.

Klemet Bø

JUBLANDE GLAD: Klemet Bø i skyskyttar-gruppa til Markane IL.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette var ei gladmelding å få. Det er utruleg gledeleg, seier Klemet Bø, leiar i skiskyttar-gruppa i Markane IL.

Han var på veg heim, nettopp frå fylkesutvalet der han hadde orientert om planane for anlegget, då han fekk meldinga om at fylkespolitikarane går inn for å løyve 1 million kroner til prosjektet.

Pengane i boks

Anlegget som er planlagt bygd ved Ullsheim i Stryn kommune, har ei kostnadsramme på 5,5 millionar kroner.

– Løyvinga er utruleg viktig. Hadde vi ikkje fått den, hadde vi mangla ein million i budsjettet vårt. Vi hadde håpa at fylkeskommunen skulle finne midlar, og no er vi kjempeglade, seier Bø.

Skal sleppe å gå langs trafikkerte vegar

Skiskyttarmiljøet som dei siste åra har ekspandert, har slite med treningsfasilitetane sommarsdagen. No blir det ei ordning på dette, både for landslagskometen Tarjei Bø, og alle dei andre utøvarane.

– Dette er rett og slett fantastisk for alle som satser i dette miljøet i Nordfjord. Vi har eit sterkt skiskyttarmiljø her nord i fylket, og dette vil vere veldig kjerkomen å få dei ut av av trafikken. Det er galskap å gå på dei vegane med den trafikken som vi har her sommarstid, seier leiaren for skiskyttar-gruppa.

Håpar på byggjestart til sommaren

Bø, som er far til Tarjei, kjenner seg no trygg på at gravemaskinene kan ta fatt på jobben alt før ferien.

– No trur eg det er 95 prosent sjanse for at bana blir bygd. Vi skal ha eit ekstraordinært årsmøte i klubben litt ut i juni månad, men no har vi så mange brikker på plass at eg absolutt ser det som realistisk at anlegget blir bygd i inneverande år, seier Klemet Bø som håpar arbeidet kan komme i gang like etter årsmøtet.