Røykutvikling i Førde
Bebuarane hadde ordna opp sjølve då brannvernet kom fram til Prestebøen i Førde i ettermiddag, etter melding om røykutvikling i eit husvære. – Ingen skada, ingen evakuert, ingen open flamme og ingen vidare oppfølging, seier operasjonsleiar Olaug Holme hjå politiet.