Hopp til innhold

Rosar fiskarar for utruleg heltedåd

– Innsatsen var uvurderleg og meir enn ein kan vente. Forholda var heilt klart røffe og utmattande å vere i.

To fiskarar vart berga opp frå sjøen utanfor Tromsø. Mannskapet på Kinn-båten Skjongholm blir heidra som heltar.

BERGA: Dei to fiskarane frå havaristen kom frå dramatikken utan alvorlege skader. – Men det skulle ikkje gått mange fleire minuttar før hendinga kunne fått eit anna utfall, seier Johansen.

Foto: Redningsselskapet

Robin Kristoffer Johansen, skipper på redningsskøyta «Gideon», er ikkje i tvil.

Robin Kristoffer Johansen, skipper Gideon i redningsselskapet

HELTAR: – Hadde ikkje dei vore der, så hadde det vore ei heilt anna historie, seier han, seier Robin Kristoffer Johansen. Til dagleg jobbar han for Sjøforsvaret.

Foto: Privat

Utan innsatsen til mannskapet om bord på Kinn-båten «Skjongholm», ville liv gått tapt då ein fiskebåt med to personar gjekk ned ved Rystraumen utanfor Tromsø i går.

– Den eine personen var sterkt nedkjølt og i fare for å drukne. Han trengde hjelp til å flyte, så eine fiskaren hoppa i sjøen, fortel Johansen.

Kalkulerte seg fram

Skjongholm var på veg sørover etter tre veker på torskefiske på Mallangsgrunnen nord for Senja, då dei fekk melding om fiskebåten i havsnød.

Ut frå straumloggen kalkulerte dei seg fram til kvar havaristen kunne vere, og gjekk nesten rett på.

– Effektiviteten i søket var skyhøg. Dei fekk meldinga, gjekk ein kurs og fann dei med det same, seier Johansen.

Då var også andre båtar og eit redningshelikopter framme. Men det var byrja å mørkne.

Det blåste mellom stiv og sterk kuling frå sørvest, og sjøen var to meter krapp. Sluddbyer gav leitemannskap sikt på kring ei halv nautisk mil.

– Det kritiske er å finne personane. Når det er gjort, så er det å gjere det vi har trena på. Det enda heldigvis godt, fortel skipper Runar-Andre Nilsen på «Skjongholm».

Handla på instinkt

Kyrre Nilsen og Runar-Andre Nilsen

HELTAR: Medan bror Runar-André (t.h.) stod ved roret, hoppa Kyrre Nilsen i sjøen. – I forhold til dei to på sjøen, så var Kyrre frisk og rask. Dei var nedkjølte og i sjokk, og hadde det ikkje bra, fortel skipper Nilsen.

Foto: Privat

Under dei gjeldande forholda var det uråd å få fiskarane om bord. Samstundes var det stor fare for at dei kunne drive vekk.

Ein av mennene hadde fått redningsdrakta full i sjøvatn, og var sterkt nedkjølt. Det stod om minuttar for å berge liv.

Sjøen vart meir og meir uroleg. Kyrre Nilsen tok på seg redningsdrakta og gjekk i sjøen for å hjelpe. Då var redningsskøyta 10–12 minuttar unna.

Til Nordlys fortel Nilsen at han handla på instinkt og gjorde det han er opplærd til.

Til NRK seier han det viktigaste var at det enda godt.

– I sjøen slo det meg kor alvorleg lite kontroll ein har når ein ligg der. Det var veldig krevjande, og eg byrja på eit tidspunkt å tenkje på mitt eige liv, vedgår han.

– Du kjende deg usikker på om det ville gå bra med dykk?

– Eg var usikker på eit tidspunkt, for du føler du ikkje har kontroll. Men det hadde vore for gale om dei skulle starte livberging på tre personar, så eg måtte halde roa.

– Hadde du gjort det igjen?

– Ja. Hadde eg visst at det kunne berge liv, så hadde eg gjort det.

Mange heltar

Krevjande søkeforhold etter båtforliset utanfor Tromsø 8. april 2020

KREVJANDE: Kraftig vind, straum og krapp sjø gjorde både leiteaksjonen og redningsaksjonen krevjande. – Det var veldig fysisk krevjande for dei som stod i det, seier Robin Kristoffer Johansen i Redningsselskapet.

Foto: Redningsselskapet

Nilsen heldt fast i den mest medtekne fiskaren, medan den tredje heldt seg fast i eit tau. Slik låg dei og slo mot skipssida til redningsskøyta kom og fekk berga dei om bord.

Då hadde Nilsen vore i sjøen i mellom 30 og 40 minuttar med havaristane.

På brua kjempa skipperen for å halde «Skjongholm» best mogleg posisjon for å gje både redningsskøyta og dei i sjøen le for bølgjer og vind.

Johansen seier det er mange heltar om bord på fiskebåten.

– Heile mannskapet leverte ein strålande innsats, seier han.

– Tek det med oss

Når NRK snakkar med heltane torsdag, nærmar dei seg trøndelagskysten. Seinare på dag skal mannskapet på ti evaluere hendinga. Då tek skipper Nilsen med seg tilbakemeldingane frå redningsselskapet.

– Vi tek med oss at vi i alle fall gjorde noko rett. Men sjølv ser eg at vi har behov for endå meir øving til neste gang noko skulle skje, seier han.

– Ein ting er å øve på slikt i roleg farvatn. Noko anna er å stå i det under andre forhold, avsluttar han.

HAVARIET: Rystraumen er eit sund lengst aust i Straumsfjorden mellom Kvaløya og Ryøya i Tromsø kommune.