– Me har selt rundt 4500 enkeltbillettar siste veka. Snøen som kom andre juledag gjorde at me selde ein del akebillettar, seier Evy Amundsen Finne som er adminstrasjonssjef ved Fløibanen.
– På ein sommardag har me fleire påstigingar, men helgetalet er eit veldig bra tal for oss om vinteren, seier ho.
(Saka held fram under videoen)
– I fjor hadde me ikkje slike tal
Myrkdalen Fjellandsby AS på Voss hadde gode tal, og til saman 7100 personar besøkte heisane fredag, laurdag og sundag.
– Me hadde 2700 gjestar på laurdag, og 2800 på sundag. Det er totalt sett betre enn jula i fjor, seier marknadsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby AS, Kaia Finne.
Anna Bryn er dagleg leiar i Voss Resort fjellheisar, og ho fortel at heile 6500 besøkte fjellheisane fredag til og med sundag.
– Laurdag var den beste skidagen med sol og bra føre, og då hadde me 2800 personar i heisane. Me kan ha slike tal på ei god helg, men i fjor hadde me ikkje slike tal. Det har vore ei strålande jul, seier Bryn.
– Ei bra helg
I helga hadde Eikedalen skisenter rekordbesøk med 2200 besøkjande laurdag, og sundag vart også ein god dag, med 1600 gjestar.
– Det har vore ei bra helg, og i dag også er det bra med folk. Det er svært sjeldan me har hatt så mange i jula, iallfall med tanke på at me hadde stengt på same tid i fjor, seier dagleg leiar ved Eikedalen skisenter, Fredrik Tønjum.
På Kvamskogen hadde også mange komme seg ut i Furedalen alpin, og skiheisane hadde til saman rundt 1200 besøkjande laurdag og sundag.
Endå fleire besøkte Røldal skisenter og der var det totalt 3500 besøkjande fredag til og med sundag.
– Sundag hadde me rundt 1500 gjester, og det er bra for denne jula. Me får ikkje dei store toppane denne sesongen, for det er fleire fridagar i år, med jula midt i vekene. Folk har meir tid, så det er jamnare pågang, seier Oddvar Bratteteig, dagleg leiar ved Røldal skisenter.