Hopp til innhold

Roger (36) sa opp jobben, kjøpte bubil og jakta puddersnø

Roger Bareksten (36) hadde alt. Men følte likevel noko mangla. Då tok han grep.

Skikøyring i Punta Indren

RÅTT: - Det var fantastiske forhold mange av stadane. Eg har vore heldig, seier Roger Bareksten.

Foto: privat

– Eg trengde å gjere noko nytt. Håpet var at det skulle motivere meg, seier Bareksten.

Florøværingen er tilbake i Florø etter å ha vore på farten i overkant av to månadar. På den tida køyrde han 10.000 km. i bubil, stod på ski så snøføyka stod – og fann nye krefter og motivasjon.

Sjølv om det på ein måte var litt galskap.

– Du blir pusha ut hardt og brutalt, seier Bareksten.

Han merka det alt hausten 2013. Han hadde lagt bak seg mange år med prosjektjobbing. Vore kreativ og nytenkjande. Realisert festivalplanar han hadde drøymt om i årevis. Sat som dagleg leiar i Byen vår Florø.

På tur i Chamonix

MÅL NÅDD: - Målet var at turen skulle bli eit eventyr. Og det vart han, seier Roger Bareksten.

Foto: Petter Akre

Har aldri kledd A4-livet

Men skulle han tenkje trygt og sikkert, burde han sikre seg inn mot ein jobb i oljenæringa. Ein 8-16-jobb der livet var trygt og godt. Og kjedeleg.

– Eg vart livredd for A4-livet. Det har aldri kledd meg. Eg merka at eg var metta av det eg dreiv med, og grubla på korleis eg kunne bryte ut, seier Bareksten.

Han presiserer at ein kvar må finne det livet som passar for seg.

Eg er stolt over og glad for at eg turte å ta sjansen. Det skulle bli eit eventyr, og det har det vore.

Roger Bareksten

– For mange er dette heilt flott, men for meg vart det feil, seier han.

På ein familietur til Tenerife vart møtte han på surfarar som loffa rundt i bubil og brukte kvar dag til det dei likte best. Det sådde ein idé.

– Eg tenkte at det vil eg også gjere. Ikkje på surfebrett, men på ski, seier Bareksten.

Viss du no trur at han er ein flik, driven fjellfant som heile livet har rast ned bratte fjellsider på ski, tek du grundig feil. Oppvaksen i Kystbyen av alle i Sogn og Fjordane, har skigåing vore langt frå kvardagskost.

Gjekk greitt oppover ...

Kjærleiken til fjella fekk han først då han passerte 30, men då sommarstid.

– Eg tenkte at det var synd å ikkje få nyte fjella også om vinteren, så eg kjøpte fjellski. Det gjekk som ei kule oppover, men ned att var det heilt krise, ler Bareksten.

Løysinga vart randoneeski. Og to karar som etter kvart vart to av hans beste kameratar.

Eg vart livredd for A4-livet. Det har aldri kledd meg. Eg merka at eg var metta av det eg dreiv med, og grubla på korleis eg kunne bryte ut.

Roger Bareksten

– Dei er drivande gode på det. Og hadde tolmod til å ha meg med å lære meg det eg trengde. Læringskurva var stupbratt, seier Bareksten.

Men lysta til å slite seg opp og suse ned att hadde bite seg fast for godt.

– Eg vart rett og slett hekta. Det å slite seg oppover, kjenne at ein lever og stå på toppen og sjå ut over heile verda, det er heilt fantastisk, seier Bareksten.

Aiguille du Midi

CHAMONIX: På fjelltur i Aiguille du Midi.

Foto: privat

Leigde ut leilegheita

Dermed kom også lysta til å finne større utfordringar. Fleire ting å meistre.

Men det er eit stykke frå å like å stå ned fjellsider, til å setje ein strek i livet og starte med blanke ark.

– I november 2014 sa eg opp jobben. Eg jobba oppseiingstida ut til 9. februar. 10. februar sat eg i bilen sørover, seier Bareksten.

Leilegheita vart utleigd til 1. juli. Med i bubilen var faren og ein kamerat av han, for å bli med til München i Tyskland. Deretter var Bareksten solo.

Gjennom Austerrike, Sveits, Frankrike, Italia, Belgia, Nederland og Liechtenstein.

På nokre av skiturane fekk han selskap av kompisar som var i området. Eller han trefte nye.

– Eg har opplevd fantastiske ting. Nydeleg natur og puddersnø utan like, seier Bareksten, som har delt mange av minna sine på Instagram-kontoen sin rogerbarek.

Hochfügen

KOMPISAR: - På einskilde av turane vart nokre av kameratane mine med når dei hadde høve, seier Roger Bareksten.

Foto: privat

Var ikkje lei av snø

Chamonix, Hochfügen, Hochzillertal, Stuben am Arlberg, Monterosamassivet og St. Anton. Og då har vi neppe nemnt alt.

Og innimellom rakk han også å teste ut ein annan ting han aldri hadde prøvd før, nemleg terrengsykkel.

– Eg kjøpte ein sykkel før eg drog og tenkte som Pippi Langstrømpe: Dette har eg aldri gjort før, så dette er eg sikkert god på, ler Bareksten.

Planen var så å teste ut surfing. Men lysta sa noko heilt anna.

– Etter ei veke i Italia var eg rett og slett ikkje klar for sommar, seier Bareksten.

Dermed drog han, og hans om ikkje beste venn, bubilen, heim att til Sogn og Fjordane.

– No har eg stått på ski i Norge i tre-fire veker, og det har eg tenkt å halde fram med ei stund til, medan eg skriv jobbsøknadar, seier Bareksten.

Dumt å angre på det ein ikkje har gjort

For det er noko med det; borte bra, men heime best. Ikkje nødvendigvis Florø for ein kvar pris. Men jobb og kvardagsliv har sine sider det også.

– Om eg sit i Sunnmørsalpane og skriv jobbsøknad eller her, er mykje det same. Eg er heller ikkje stadbunden når det gjeld jobb, seier Bareksten.

Eg kjøpte ein sykkel før eg drog og tenkte som Pippi Langstrømpe: Dette har eg aldri gjort før, så dette er eg sikkert god på.

Roger Bareksten

Lysta til å drive med ting er tilbake. Dermed fungerte langturen slik han skulle også. Men han innrømmer at han var spent på akkurat dét.

– Eg var jo redd for at eg ville bli biten av basillen og få lyst til å berre halde fram slik. Men eg er glad eg gjorde det, seier Bareksten, og legg til at det ikkje sikkert det er ei løysing for alle andre.

– Eg var berre ei sjel og ei skjorte, og då er det lettare. Og foreldra mine har vore til stor hjelp. Men det er dumt å sitje fast i noko du kjenner ikkje fungerer, og ikkje tore å gjere noko med det, seier Bareksten.

Smørstabbreen

UTSIKT: - Det er noko heilt spesielt å stå på toppe og kjenne at du ser ut over verda. Ikkje berre i utlandet. Norske fjell har mykje å by på, seier Roger Bareksten.

Foto: privat

Glad han tok sjansen

Mange har lurt på kva han lever av. For det må vel koste å gjere slikt?

– Eg var heldig og jobba over tid veldig mykje. Noko av det eg tente sette eg av, og det heldt til reisekasse. Og så har eg vore heldig sidan alt har gått så knirkefritt. Det har ein ingen garanti for, seier Bareksten.

Om kort tid skal bubilen få ny eigar. Kanskje ein ny eventyrar?

– Det blir litt vemodig. Men eg er stolt over og glad for at eg turte å ta sjansen. Det skulle bli eit eventyr, og det har det vore. Skulle det inspirere andre er det kjekt. Men no gler eg meg til nye utfordringar og jaktar ny jobb i Sogn og Fjordane. Men eg skal framleis ha det kjekt – kvar dag, seier Bareksten.