Hopp til innhold

Røde Kors-hjelp i uveret

Ein snøscooterpatrulje frå Luster Røde Kors Hjelpekorps kom søndag i 15-tida over 40 skituristar på Sognefjellet.

Veret var nokså dårleg, og patruljen hjelpte skiløparane med å kome seg til Sognefjellshytta.

Dei 40 hadde ikkje bede om hjelp, men folka frå hjelpekorpset vurderte det slik at det tryggaste var å hjelpe dei i hus.

Sju framme

Klokka 16.45 var sju av skiløparane komne fram til Sognefjellshytta, medan to snøscooterpatruljar var ute for å lose dei 33 andre på rett veg.

Ein snøscooter frå Sognefjellshytta var og med på oppdraget, opplyser operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Frå Nørstedalsseter

Dei 40 var på veg frå Nørstedalsseter, ein del av dei skulle til Krossbu, resten til Sognefjellshytta.

Ut over dette er det så langt ikkje meldt om hendingar i påskefjellet palmesøndag.