– Vi fekk telefon frå ein kar som ønskte at politiet skulle komme og fjerne kameraten hans frå huset hans då dei hadde roke uklar og han ønskte vedkommande vekk, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Olaug Holme.
Så politiet suste av garde til ei adresse i sentrum av Nordfjordeid for å gjere sitt til å hjelpe. Men vel framme ante dei ugler i mosen.
– Då patruljen kom fram, fann dei to karar i 30-åra som var godt rusa, seier Holme.
Fann meir enn dei kom for
Polititenestemennene ante dermed uråd, og nytta høvet til å sjekke litt nøyare rundt i bustaden.
– Det enda i korte trekk med at dei to mennene vert politimelde for bruk og oppbevaring av hasj, seier Holme.
Ho legg til at det skal ikkje vere snakk om store mengder. Saka vert følgd opp av politiet på Nordfjordeid.