Hopp til innhold

Rekordmange rocka i solnedgangen

Helgas Utkantfestival på Skjerjehamn trakk eit rekordstort publikum. Aldri før har det vore samla så mykje folk på den gamle handelsstaden i Gulen.

Festivalen som i år var utvida med ein tredje festivaldag trakk over 6000 publikummarar.

– Det har vore ei deilig helg, rett og slett, seier festivalsjef Viggo Randal.

6112 betalande publikummarar var innom festivalområdet i løpet av dei tre dagane frå torsdag til laurdag, i tillegg til mange born under 13 år som gjekk gratis.

Vi har hatt strålande sol stort sett heile tida, og utruleg mykje folk både i hamna, på campen og framfor scena.

Utkantfestivalen

TROLLSK: Solnedgang over festivalpublikummet på Skjerjehamn.

Foto: Vidar Gudvangen

Samlar folk frå heile landet

Mange hadde tatt turen frå Nordhordland og Bergens-området, men også det meste av Sogn og Fjordane er etter kvart representert på festivalen.

- Ikkje minst var det mange frå Florø som tok turen. Folk kjem att år etter år, og vi ser at publikum etter kvart spreier seg rundt om frå heile landet, seier Randal.

Fredag kveld telte hamnevaktene 227 båtar i hamna. Då var det 2500 besøkande på festivalområdet. Laurdag var talet på båtar komme opp i 250, og over 2600 personar betalte seg inn. Fleire hunde personar telta like ved festivalområdet.

- Eg trur vi har nådd vår kapasitet i år, konstaterer Randal.

Utkantfestivalen

DATAROCK: Bergensbandet Datarock toppa plakaten laurdag

Foto: Vidar Gudvangen

Svenske i storform på Utkant

Ikkje minst er mangelen på parkeringsplassar og trafikkavviklinga på den smale grusvegen frå Ånneland ei utfordring for festivalen. Det vart derfor sett opp både båtruter og bussar til fastlandet.

Festivalen vart opna torsdag av Hoola Bandoola Band med Mikael Wiehe i spissen. Då var 1100 personar til stades.

Blant andre artistar på årets plakat var de Lillos, Kvelertak, Valkyrien Allstars, Lars Martin Myhre og Datarock.

Datarock på Utkant

GOD STEMNING: Fleire enn nokon gong kosa seg på Utkantfestivalen

Foto: Gøril Sætre