Hopp til innhold

Rekordlågt publikumstal i 2010

Publikum svikta Sogn og Fjordane Teater i år.

Mathias Orheim - pressebilete

VART SJUK: Frode Rasmussen måtte avlyse fleire førestillingar i rolla som Mathias Orheim. Stykket vart likevel det best besøkte i 2010.

Foto: Fotograf Reiakvam

10.100 publikumarar er det svakaste publikumstalet ved teateret, og ein markant nedgang i høve til 2009. Då såg 17.500 personar teater i Sogn og Fjordane, også det ein nedgang i høve til året før.

Måtte avlyse

Informasjonssjef Hans Jacob Reite ved Sogn og Fjordane Teater (SoFt) ser tre hovudårsaker til publikumssvikten.

– Vi fekk sjukdomsforfall på viktige deler av «Mathias Orheim», vi hadde låge tal på Kinnaspelet og vi valde å spele det vellukka teatret om mobbing - «Du ana’kje» – i klasseroma på skulane. Dette gjorde at vi ikkje fekk så mykje som vi kunne hatt i 2010, men vi skal spele «Du ana’kje» vidare utover våren i 2011.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tyl - Sogn og Fjordane Teater

HÅPAR PÅ TYL: Med 600 publikumarar på dei første førestillingane i Førde, håpar SoFt at Claus Sellevoll og dei andre tylane dreg godt med folk i januar.

Foto: Pressefoto, Olav Reiakvam

SoFt har også store forventningar til teaterstykket «Tyl» av Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Sceneversjonen av boka hadde urpremiere i Førde tidleg i desember og skal ut på vegen i fylket i januar. Så langt ser «Tyl» ut til å få svært gode besøkstal.

– Dette gjer at vi reknar med at 2011 samla sett vert langt betre, trur Reite.

Slik er Soft-tala for 2010:

  • «Ishuset»: 1129
  • «Stoppestaden»: 800
  • «Matias Orheim»: 2565
  • «Paa Vidderne»: 300
  • «Døden»: 1816
  • Kinnaspelet: 1600
  • «Du ana’kje»: 1090
  • «Tyl»: 600
  • Andre arr.. 200

Sum: 10.100 - Kjelde: SoFt