Hopp til innhold

Sleit seg gjennom sommarkvelden

Det vart sett både ny rekordtid og ny påmeldingsrekord då den femte Helse Førde-stafetten i rekkja gjekk av stabelen i Førde onsdag kveld.

Aller raskast var laget Førde langrenn 1 med rekordtida 35,28, der Håvard Gjelsvik fekk æra av å krysse målstreken på sisteetappen.

Mens det i fjor var påmeldt 57 lag, var det i år registrert 61 lag til start. 55 av dei fullførte målgangen i sjukehusparken. Med seks deltakarar på kvart lag, deltok 330 utøvarar. I tillegg stilte tre såkalla singeldeltakarar til start.

Tok alle etappane sjølv - fekk 7. beste tid

Ein av dei, langrennsutøvaren André Haugsbø frå Gaular sprang inn til tida 39,48, noko som tilsvarer sjuande beste tid blant stafettlaga.

Blant laga fann ein ulike avdelingar i Helse Førde, men også mange andre verksemder, lag og organisasjonar. Blant dei, Førde og Naustdal lensmannskontor.

Den 10 kilometer lange stafetten som består i springing, stavgang, sykling, gåing og til sist to løpsetappar, blir arrangert av bedriftsidrettslaget ved Førde sentralsjukehus.

Resultat Helse Førde stafetten 2010

1 Førde langrenn 1 35,28
2 Øygardane 35,31
3 Team Hegrenes 38,47
4 Kirurgen 39,19
5 Dampen, Naustdal dampbakeri 39,22
6 Førde langrenn 3 39,40
7 Førde langrenn 2 39,51
8 Anestesi 1 40,04
9 Kandidatane, helse-førde 41,35
10 Lensmannskontoret 41,39
11 Spenst helsestudio 41,44
12 Erdal Sport 42,00
13 Psykiatrikameratene 42,02
14 Halbrend skule 42,10
15 Sparebanken SFJ 42,50
16 Posten 1 42,53
17 Gratis arb.kraft, turnuslegene 43,03
18 NVE 43,45
19 Slåtten SFO 44,05
20 Ortopeden 44,07
21 Øyrane vgs skule 45,05
22 Livredd 45,07
23 Navid 45,34
24 LS1 -lotteritilsynet 45,56
25 LS2 - lotterietilsynet 46,23
26 Bu og miljø, førde kommune 46,36
27 Bunnlaget, kreftseksjonen helse-førde 46,52
28 NAV Hjelpemiddelsantral sogn og fj 47,09
29 Team Hyllestad 47,32
30 Firda Media 47,42
31 Livredd 2, ambulansetenesta 48,26
32 NAV Naustdal, legekontoret 48,55
33 Halvt om halvt, helse-førde 49,15
34 Akuttmottak,helse-førde 49,25
35 Gjensidige bank 49,39
36 Eg meg og Irene, s & fj foreldre og barnsenter 50,11
37 Post 1, psyk klinikk 51,02
38 Team Hakk i hel, as autoservice 51,23
39 Pasientreiser 51,34
40 Toppers, med avd 51,37
41 Firda media 2 51,47
42 Service senteret 53,35
43 Hals over hovud, helse-førde 53,38
44 PWC 1, pricewaterhouse & coopers as 54,26
45 Førde helsestasjon 54,32
46 APD, aktiv på dagtid 1 55,41
47 Kir poliklinikk 55,55
48 Førde barneskule 57,13
49 Føden 57,30
50 PWC 2 pricewaterhouse & coopers as 57,47
51 Posten 2 58,22
52 PWC 3 pricewaterhouse & coopers as 58,56
53 Sprærkingane, 67,07
54 APD 2, aktiv på dagtid 68,44
55 FIX IT 1, førde kommune, avd FVD 74,18

Stafetten singel
1 Andre Haugsbø 39,48
Inghild Mowatt utan tid
Svanhild Gunnarskog utan tid