Det har vekt sterke protestar at Forsvaret vil kvitte seg med Firda kaserne i Eid og skytefelta i Remmedalen i Eid og Vasslia i Førde.
Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier regjeringa no vil vente med salet.
NØGD: – Eg er veldig glad for at ein no får betre tid på seg til å vurdere andre løysingar, seier Bjørn Lødemel.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK– Det skjer ikkje noko før i 2017. Det betyr at vi har bra tid på oss til å vurdere andre løysingar og om andre kan vere interesserte i å kjøpe Firda for å leige ut til Forsvaret, politiet eller andre ting, seier Lødemel.
Viktig med aktivitet
Firda kaserne på Nordfjordeid er det siste som er att av samlingspunkt for Forsvaret i Sogn og Fjordane. Her øver både HV11 og politiet.
PUSTEROM: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er nøgd med at ein no får tid til å finne andre, lokale løysingar, på eigarskapen ved Firda kaserne.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKSjølv om regjeringa har velsigna salet, er Lødemel nøgd med at det blir utsett så ein kan sjå.
- Les også: Til kamp for forsvarsanlegg
– Firda kaserne er det siste anlegget her, så det er viktig at vi framleis kan ha forsvarsaktivitet her, seier han.
Lokale løysingar
Leiar samarbeidsforumet, og ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H) er mellom dei som har teke til ordet for at politiet og HV-soldatane treng område til øving og beredskap om større ting skulle skje.
Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner det beste hadde vore om Forsvaret framleis ville eige øvingsområdet i kommunen.
– Midt i den krevjande tryggleikspolitiske situasjonen vi er i, så er det bra at ein ikkje sel hals over hovudet. At vi får to nye år trur eg gjer det mogleg å vurdere saka på nytt, men også mogleg å sjå etter lokale løysingar som sikrar at bygget kan nyttast til forsvars- og beredskapsføremål, seier han.