Hopp til innhold

Redningsoppdrag i Masfjorden raskt avslutta

Det blei sett i gang redningskasjon då ein båt blei funnen drivande med varm motor, men ingen folk ombord.

Klokka 14.01 fekk politiet melding om at ein båt var funnen drivande i nærleiken av Duesund ferjekai i Masfjorden i Nordhordland.

– Båten har varm motor, men det er ingen folk ombord. Det kan vera grunn til bekymring, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal i Hordaland politidistrikt til NRK.

HRS er varsla og både dei og politipatrulje er på veg til staden.

– HRS melder at båten hadde drive av frå oppdrettsanlegg i området. Dei har vore i kontakt med anlegget og alt er ok, melder operasjonsleiaren på Twitter klokka 14.45.