Redningshelikopteret i Florø blei send ut for å hjelpe til etter at ein mann fall over bord frå ein ribbåt ved Raudøya ved Askrova i Flora kommune.
Politiet opplyser til NRK at ein først klarte å få mannen ombord i båten, men at mannen er skadd.
– Pasienten er no frakta med redningshelikopteret til Førde sentralsjukehus. Tilstanden til mannen kan vi ikkje seie noko om førebels, får NRK opplyst frå Hovudredningssentralen.