Hopp til innhold

Redda frå drukningsdøden

Ein snarrådig hyttenabo redda mest truleg ein mann frå drukningsdøden på Ovridsvatnet på Vikafjellet torsdag kveld. Olav Hønsi tok raskt affære då han høyrde desperate rop om hjelp.

- Då eg høyrde ropa om hjelp sprang eg med ein gong ned til vegen like nedanfor hytta mi. Heldigvis kom det køyrande ein bil forbi, og eg fekk stoppa den for å be om assistanse i redningsarbeidet, seier Hønsi.

Kasta seg i vatnet

Og saman med Vidar Lundeland som altså kom køyrande i bilen, hoppa Hønsi opp i ein båt som låg ved vatnet. Deretter rodde dei over til andre sida der mannen låg og ropte om hjelp. Då Lundeland kasta seg i vatnet hadde mannen berre såvidt ansiktet over vatnet.

- Vi måtte jo hjelpe fyren. Mannen som låg i vatnet klarte å halde seg fast i båten medan eg drog den mot land, seier Lundeland.

Mannen i 80-åra dreiv og fiska i fjellvatnet då ulukka skjedde. Etter at fiskaren hadde kome i land stod Hønsi klar til å hjelpe.

- Eg sleit av han kleda, og tok skjorta av meg sjølv og hadde den over mannen. Då sa han at det var godt. Han var svært kald, men han klarte å snakke, seier Hønsi.

Redda liv

Mannen vart sendt til Førde sentralsjukehus sterkt nedkjølt, men sjukehuset opplyste seint torsdag kveld at han elles berre er lettare skada. Begge redningsmennene er sikre på at dei var med på å redde liv torsdag.

- Det er eg nesten sikker på. Den andre redningsmannen er ein ungdom, og eg er litt eldre. Men eg er heilt sikker på at om ikkje eg hadde fått tak i Vidar så hadde dette gått gale. Det er berre kjekt å hjelpe, seier sindige Hønsi.